NRK Meny
Normal

Slik lada Sogndal opp til kampen

Kvaliteten på ferien til Sogndal-spelarane står på spel i kveldens kamp mot Sandnes Ulf. I går vart dei fora opp etter alle kunstens reglar.

Eirik Bakke og Ulrik Flo på besøk på Luster VGS

MAT: Eirik Bakke og Ulrik Flo kunne ete seg gode og mette under lunsjen dei fekk ved Luster Vidaregåande skule.

Det var dekka opp til eit aldri så lite festmåltid på Luster vidaregåande skule i går. Med fotballheltane frå Sogndal på besøk gjorde dei unge kokkane sitt beste for å varte dei opp.

– Vi har jo lagt merke til at de har hatt større fokus på kosthald denne sesongen enn tidlegare, og det set vi stor pris på, kunne ein av lærarane ved skulen fortelje.

– Ein veit jo det at ein blir det ein et, og at ein presterer deretter.

Og nettopp det er det nok mange som håpar skjer i kveld. Etter eit herremåltid der spelarane fekk servert ein trerettars varmlunsj, går dei i kveld på bana i vårsesongen sin siste kamp. Då står det mykje på spel.

Møter eit lag dei «skal» slå

Klokka 19 i kveld brakar det laust. Sogndal tek i mot Sandnes Ulf på Fosshaugane til kampen som vil definere om Sogndal sin sesongstart har vore god, eller berre OK.

– Det blir årets viktigaste kamp, seier klubbkaptein Eirik Bakke.

Han snakkar om kampen som ein sekspoengskamp.

– Sandnes Ulf er eit lag vi skal ha bak oss på tabellen, mest sannsynleg, når sesongen er slutt. Etter litt motgang er det viktig å snu det, seier kapteinen vidare.

(Artikkelen held fram under biletet)

Publikum på Fosshaugane

SISTE HEIMEKAMP FOR NO: Kampen i kveld er den siste før Sogndal tek sommarferie. Kampen er også den siste før det blir lagt om til kunstgras på Fosshaugane.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– På tide med ein heimesiger

Sidan kampen mot Aalesund vart flytta til etter sommaren, tek Sogndal ferie etter kveldens oppgjer på heimebane. Etter denne kampen kan Sogndal vere alle stader frå tredje sist til nummer sju på tabellen.

– Vi må begynne å vinne heimekampane våre. Det er på Fosshaugane vi ikkje har prestert godt nok i år. Det er på tide at vi tek ein heimesiger, seier Bakke.

Etter tapet mot Florø i cupen har det meste gått skeis for Sogndal. Fire strake serietap – blant anna mot svake motstandarar som Viking og Lillestrøm har skapt ein vond trend.

– Har ikkje hatt marginane på vår side

Ørjan Hopen er tilbake etter virussjukdom, og vil gjerne snu den trenden før dei tek sommarferie.

– Frå Lillestrøm-kampen tek vi med oss prestasjonen. Eg synest det var jamt over gode 90 minutt, seier Hopen.

– Lillestrøm skapar vel ingenting, og skåringa er ikkje ein sjanse ein gang. Det har vore litt marginar som ikkje har gått vår veg.

I det siste speleminuttet skåra Lillestrøm målet som Sogndal gjorde alt for å unngå. Hopen seier dei har opplevd litt motgang den siste tida, men håpar ting snur i kveld.

– Vi skal ha tre poeng

Keeper Kenneth Udjus ville ikkje svare på spørsmål om at Arsenal har studert han i dei fire siste kampane.

– Nei, det kan eg eigentleg ikkje seie så mykje om, anna enn det som allereie har stått på trykk, seier sisteskansen.

Han vil heller snakke om kor viktig det er å ikkje overdrive viktig av kampen mot Sandnes Ulf.

– Vi må ikkje gjere det til noko større enn det er. Vi skal ut og vinne ein kamp her og det er ein viktig kamp som mange andre.

– Men etter kampen kan skilnaden vere alt frå i verste fall kvalikplass, til i beste fall ein plass midt på tabellen. Det har vel litt å seie for kvaliteten på ferien din?

– Ja, det har jo det. Vi skal ha tre poeng før vi går på ferie, seier Udjus.

Kokkane tek gjerne litt av æra...

Og får dei poenga – tek kokkane gjerne æra for det. Som dei sa til Sogndal-spelarane: Ein blir kva ein et.

– Vi tek litt av æra for det, viss dei vinne. Dei bør jo vinne, seier kokkelærar ved Luster vidaregåande, Alfred Haukeland.

– Viss dei ikkje vinn då?

– He-he, då seier vi ikkje noko om at dei har vore her ute, ler han.

Den nye regjeringa vurderer å kvitte seg med odelslova. Det kjem ikkje på tale, svarer bøndene.
Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.