Hopp til innhold

Slik køyrde han rundt med 22,5 tonn usikra glas

Tre gonger på fire månader er yrkessjåføren stogga utan førarrett, men med feil på bremsene. I dag var han på veg til Bergen med 22,5 tonn usikra glas.

Vogntog på veg til Bergen med 22,5 tonn usikra glas

USIKRA: Stroppar var med på turen, men i staden for å sikre lasta på 22,5 tonn glas, låg stroppane oppå lasta.

Foto: Statens vegvesen

– Vi har inntrykk av at dette er ein førar som ikkje bryr seg, og berre køyrer på. Slike førarar vil vi ikkje ha på vegane i Norge, seier Roger Løvlid hos Statens vegvesen.

22,5 tonn usikra glas

Det var andre gang at kontrollørane på Håbakken stogga og gav mannen bruksforbod. Første gang han vart stogga, var på Svinesund rundt nyttår.

Ingen av gangane har mannen hatt førarattest. Derimot har han kvar gang mangla bremser på eine hjulet. Den mest alvorlege mangelen var likevel det kontrollørane såg innanfor presenningen på kapellet.

– Det alvorlegaste er at han mangla sikring på 22,5 tonn laminert glas på pallar. Ved ein bråstogg så kunne lasta forskyvd seg, og kanskje falle av, seier Løvlid.

Tatt hand om dokument

Vogntog stogga for andre gang på ein månad på Håbakken

TREDJE GANG: Det er tredje gang på fire månader at vogntoget blir vinka inn av Statens vegvesen. Like mange gangar har kontrollørane påpeike bremsemanglar.

Foto: Statens vegvesen

– Sist fekk han ein ny førar til å køyre vogntoget 25 kilometer, før han tok over som førar att. Når han no kjem for tredje gang utan å ha reparert feilen på bremsene, så får han vedtak om å reparere desse før han får halde fram, seier Løvlid.

Like før påske fekk eit utanlandsk vogntog køyreforbod etter ein kontroll i Stryn. Heller ikkje avskilting hindra føraren i å legge ut på vegen att . Mannen godtok ei bot på 10.000 kroner og utvising i to år frå Norge .

– Korleis har de sikra dykk at han faktisk følgjer pålegget om å reparere feilen?

– Vi har teke hand om alle dokumenta hans til ting er ordna opp. Han avheng av både vognkort og transportdokument for å komme seg vidare.

Kan vurdere utvising

Mannen er no meld til politiet for overlasta. Han han ikkje har følgt ordren om å rette bremsemangelen og stadig vekk køyrer utan førarattest, talar nok heller ikkje i favør av mannen.

– Vi ser alvorleg på at han ikkje bryr seg om lover og reglar. Når han no blir meldt for usikra last, så blir nok dei andre tinga også tekne med, seier han.

Ved grove overtramp på norske lovar og reglar kan utlendingar bli utviste frå Norge. Det kan vere aktuelt å vurdere i denne saka.

– Men det kan eg ikkje uttale meg om no, seier Løvlid.