Slik kortar cupfinalistane bussturen til Oslo

RIKSVEG 52 (NRK): – Eg har tatt med meg både det eine og det andre, humrar Arild Undheim. Ein av mange som no følgjer Førde VBK til Oslo.

Førde-bussen i ferd med å fylle seg opp

GOD STEMNING: Arild Undheim (t.v.) er klar for å ta til på bussturen til Oslo.

Foto: Oddleif Løset / NRK
Oddleif Løseth
Journalist

Som tidlegare Førde-trenar er ikkje Arild Undheim noko førstereisgut i cupfinalesamanheng.

I 2007 leia han klubben til sin første NM-tittel. To år seinare vart det sølv.

– Dette blir sjette, så eg har fått med meg alle, ja, seier sørlendingen kort tid før bussane med supporterar og spelarar tek til på turen over Hemsedalsfjellet.

Sosial busstur

Dermed veit han betre enn mange andre kva som ventar på den mange timar lange bussturen mot tigerstaden. Og Undheim har sine knep for å korte turen.

– Eg har tatt med meg både spel og konkurransar. Her blir det stilt spørsmål til både den eine og den andre. Vil du ha eitt spørsmål, gliser han.

– Det blir sosialt, god stemning og avslapping for dei som likar det best. Og så må vel eg og Vidar Vie leggje ein del strategi, held trenar Jan Egil Tvinde fram.

Har trua

For medan supporterane kan slappe av, er det mest spenning og fokus som gjeld for både spelarar og lagleiarar.

I morgon ettermiddag står NTNUI igjen på andre sida av nettet i Domus Athletica. Og det er kongepokalen det står om. Med seg til tigerstaden har troppen ei god tru på siger.

– Vi må ha dei ulike moglegheitene klare for oss, og eg er framleis optimist. Vi har slått Nyborg, som var det vanskelegaste hinderet, og Randaberg. Begge er av dei betre laga i Norge. Vi skal kunne ta NTNUI, seier Tvinde.

– Det møter den desiderte poengkongen i eliteserien, Sigurd van Dijk Festøy. Korleis skal de temme han?

– Vi har ein plan for det også, men det handlar om ein balanse mellom det å ha kontroll på eige spel og det å vere for mykje opptekne av motstandaren. Vi prøver å balansere det, men vi er sjølvsagt budde i blokk og forsvar på han.

God stemning

Vel framme i Oslo i kveld skal spelarane rett på trening for å få turen ut av skrotten, som Tvinde seier. Laurdag føremiddag ventar ei ny treningsøkt. Under sjølve finalen blir bana omkransa av eit blått folkehav.

– Det blir som ein trykkokar. Mykje sunnfjordingar som heiar på oss, skikkeleg trykk og eg er trygg på at vi får kjensle av å vere på heimebane, seier Tvinde.

Undheim er ikkje i tvil om kven som går sigrande ut av cupfinalen.

– 3–1. Til Førde.

– Og på tribunen?

– 4–0. Til Førde.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.