NRK Meny
Normal

Jørn er berginga for veglause

Etter 1. juledag har innbyggjarane i Otterdal berre ein veg ut av grenda: Hornindalsvatnet. Slik må det vere i lang tid framover.

Jørn Nesdal (i midten) fraktar Inge Løvlid og Pernille Tomasgard over Hornindalsvatnet.

EINASTE VEG: Jørn Nesdal (i midten) fraktar gardbrukar Inge Løvlid og Pernille Tomasgard frå heimesjukepleien frå Otterdal.

Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Uvêret gjorde skader for minimum 120 millionar kroner på vegnettet i Sogn og Fjordane. 1. juledag sette «Dagmar» Otterdal 60 år attende i tid då den vaska vekk nær to kilometer av vegen til grenda .

Dei 11 innbyggjarane på nordsida av Hornindalsvatnet står langt ifrå like fritt som dei gjorde før jul.

– Særleg dei eldste ser avgrensingane. No må alt organiserast og planleggjast på ein heilt anna måte enn før. Og så er det uvissa, seier Reidunn Otterdal til avisa Fjordingen.

Hentar i båt

Utan vegsamband til omverda, har båtførar Jørn Nesdal blitt berginga for dei 13 innbyggjarane i bygda. Kvar morgon og ettermiddag hentar han otredøler til eller frå skule og jobb.

Vegen til Otterdal er vaska vekk

VASKA VEKK: Store delar av vegen til Otterdal vart vaska vekk i romjula.

Foto: Bjørn Lødemel

Saman med Ronny Haugen henta Nesdal sin 21 fot store ribbåt han hadde liggjande i Rugsund etter at vegen vart sopt på vatnet.

Han får kompensasjon frå fylkeskommunen for transporten og er takksam for å ha ein fleksibel arbeidsgjevar.

– Eg likar å hjelpe til og likar meg på båt i all slags ver. Så enkelt er det, seier han til avisa.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video d9ec739d-16e8-44b4-aae4-e6b328e779f9.jpg

SJÅ TV-SAK: Otterdal mista vegen i stormen.

Gjekk i vatnet

Trivsel i det våte element er eit must når ein skal ut i open båt på mørke morgonar og ettermiddagar. Og gjerne med slaps, regn og vind i lufta.

Familien Otterdal Heggen vedgår at det kan vere utfordrande å vere avhengige av båttransport for å kome seg ut av bygda. Enn så lenge har dei ikkje brygge i grenda.

– Det starta med at minstemann trakka ut i vatnet første dagen. Elles har det gått greitt, seier Otterdal til avisa.

Vil ikkje flytte

Båtrutene er tilpassa slik at born skal få halde fram med kulturskule.

– Vi set utruleg pris på servicen han har stilt opp med etter at vegen raste ut, seier Thore Heggen til avisa. Trass alle problema vil ikkje innbyggjarane flytte frå bygda.

No har fleire med tilknyting til Otterdal skipa initiativet «Trygg veg til Otterdal».

Ynskjer tunnel

Vegvesenet er så vidt kome i gang med å greie ut ny vegløysing til bygda. Truleg får ein tidlegast starte opp til sommaren.

I mellomtida vil bønder i Hornindal ikkje få tilgang til fôr som er lagra på gardsbruka i Otterdal. Grenda har fem gardsbruk med totalt kring 200 mål dyrka mark.

Inge Løvlid bur ikkje sjølv i grenda, men fortel han får store utfordringar med å halde fram med å drive gard der. Han meiner tunnel til grenda vil vere einaste vegløysing.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.