Hopp til innhold

Desse får vegpengar i åra framover

Fylkesrådmannen prioriterer fire tunnelar og seks skredsikringstiltak i fylket fram til 2027, og rår til at kyststamvegen gjennom fylket skal følge traséen som vegvesenet ønsker.

Steinras Galdane

SKAL SIKRAST: Fv. 630 Galdane i Borgund er ein av fleire område som skal rassikrast i åra framover.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Det er nokre av elementa i tilrådinga til Regional transportplan for Sogn og Fjordane 2018–2027, som fylkesrådmann Tore Eriksen la fram fredag.

Innan drift er det tunnelvedlikehald som står øvst på prioriteringslista. Deretter kjem å redusere forfall og å drifte fylkesvegnettet på dagens nivå.

Tore Eriksen og Stig Nybø (Montasje)

PRIORITERAR: Fylkesrådmann Tore Eriksen er klar med si liste.

Foto: NRK

Innan kollektivtrafikken er førsteprioritet å vidareføre eit heilskapleg rutesystem, og på investeringssida står gjennomføring av bundne prosjekt øvst på lista, så skredsikring og mindre investeringar.

Kyststamvegen

Fylkesrådmann rår politikarane til å følgje tilrådinga frå Statens vegvesen når det gjeld kvar kystvegen skal gå gjennom Sogn og Fjordane.

Det betyr at Florø og Vågsøy ikkje får viljen sin med å velje det ytre alternativet med veg over Terøya, dersom fylkespolitikarane gjer som rådmannen rår til.

Med den løysinga vert ferjesambanda Rutledal–Rysjedalsvika og Stårheim–Isane sikra.

Ras i Seimsdalstunnelen

SEIMSDALSTUNNELEN: Fv. 303 Seimsdalstunnelen får pengar til utbetring, om fylkesrådmannen får det som han vil.

Foto: NRK-tipsar

Investeringar fram til 2021

Fylkesrådmannen rår til at det blir oppstart av følgjande byggeprosjekt på fylkesvegnettet før 2021:

  • Fv. 698 Blaksettunnelen
  • Fv. 303 Seimsdalstunnelen
  • Fv. 618 Barmen–Barmsund (ferjekai)
  • Fv. 611 Sæle–Engebø

Han legg også opp til å prioritere følgjande gang- og sykkelvegprosjekt:

  • Enkle fysiske tiltak i dei største sentrumsområda
  • Fv. 614 Breivika–Svelgen (Bremanger)
  • Fv. 607 Heggebø–Leirvik (Hyllestad)
  • Fv. 548 Brandsøy–Solheim (delprosjekt)

I tillegg rår fylkesrådmannen til mindre investeringstiltak innan småutbetringar, trafikktryggingstiltak, planlegging, prosjektering og kollektivtrafikk.

Blaksettunnelen

OPPSTART: Blaksettunnelen på fylkesveg 698 skal rustast opp.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Skredsikring

Fylkesrådmannen rår fylkestinget til å prioritere følgjande skredsikringsprosjekt:

  • Fv. 633 Kleiva, tunnel
  • Fv. 722 Flovegen
  • Fv. 53 Ljoteli, Årdal
  • Fv. 50 Vassbygdvatnet, Aurland
  • Fv. 630 Galdane i Borgund
  • Fv. 57 Strand i Fjaler

Fylkesrådmannen har også vurdert ferjeavløysingsprosjekta Atløysambandet i Askvoll og Ytre Steinsund i Solund.

Han meiner ferjeavløysingsordninga vil krevje ei eigenfinansiering som er høg dei første åra, for så å gradvis bli redusert etter som «prosjektlånet» vert nedbetalt. Han meiner det vil vere utfordrande å finansiere alle ferjeavløysingsprosjekt i mange år etter byggestart.

Fylkesrådmannen varslar også at fylkeskommunen har eit mål om å klimatilpasse veginfrastrukturen til eit endra klima i åra frametter.

Fylkespolitikarane skal gjere endeleg vedtak i fylkestinget i desember.