Straumrekninga di kan bli lågare

Nettleiga skal bli meir rettferdig. No vil NVE gi pengar til dei som må betale mest.

Sogn og Fjordane Energi

REKNING I POSTEN: Dei som betalar mest skal betale mindre i nettleige, meiner NVE.

Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi

Nokre har straumrekningar som svir meir enn andre. Mellom anna må dei med postadresse i kraftfylket Sogn og Fjordane betale meir i nettleige, enn til dømes folk i Oslo.

På oppdrag frå Olje- og energidepartementet har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) sett på korleis straumrekningane kan bli meir like over heile landet.

NVE meiner svaret er å gje eit tilskot til dei som betalar mest i nettleige, heller enn at ho skal bli lik for alle.

– Det er relativt få hushaldningar som har ei nettleige som er betydeleg høgare enn gjennomsnittet. Då bør vi lage ei ordning for desse, og ikkje ei omfattande ordning for heile landet, seier vassdrags og energidirektør i NVE, Kjetil Lund.

Alt frå småbarnsfamiliar til pensjonistar og politikarar har i fleire år teke til orde for ei ordning med likare prisar enn i dag.

NVE vil gje pengar til kraftselskapa som har høgast nettleige for at kundane skal betale mindre nettleige, og har to løysingar på kven som må punge ut for tilskotet.

– Det kan vere regjeringa som kjem med pengane over statsbudsjettet, som NVE gjev vidare til kraftselskapa. Den andre løysinga er at kvar enkelt straumkunde kan betale inn eit beløp over straumrekninga, som blir delt ut til nettselskapa med høgast nettleige, seier Ove Flataker, som er direktør i NVE.

– Stor urett

Blant dei som har kjempa for ei rettferdig nettleige er Sp-politikar Liv Signe Navarsete. Ho meiner forslaget til NVE ikkje er godt nok.

– Den høge nettleiga i distrikta er ein stor urett mot straumkundar. Det må bli retta opp på ein betre måte enn forslaget til NVE.

Politikaren har lite tru på at ordninga vil stå seg over tid.

– Det høyrest fint ut, men baksida er at det kan bli eit budsjettspørsmål. Dette er ikkje ei robust ordning, seier Navarsete.

No skal forslaget ut på høyring.

Navarsete

IKKJE GODT NOK: Sp-politikar Liv Signe Navarsete vil skrote forslaget til NVE.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix