Hopp til innhold

Han skal setje ut 23.000 brøytestikker - slik kan han redde liv i trafikken

I haust skal Øyvind Heggestad (40) setje ut tusenvis av brøytestikker. Den kjedelege jobben kan redde liv.

Øyvind Heggestad

TUSENVIS AV STIKKER: Øyvind Heggestad (40) og mannskapet hans skal i løpet av nokre veker setje ut 23.000 brøytestikker langs vegane i Midtre Sogn.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Brøytestikkene er viktige for alle. Både for dei som brøytar vegane og for bilistane. I mørket, i tett snø eller tett skodde kan dei vere gode å ha, seier Øyvind Heggestad (40) medan han peikar på brøytestikkene langs etter vegen.

Kledd i signalgule plagg er sogningen godt synleg der han står på ei veglomme i Kaupanger i Sogn. Forbi susar både store og små bilar. Enno er det ikkje mykje som minner om vinter, men haustkveldane har blitt mørke - og det er på tide å førebu det første snøfallet.

Trygt plassert bak den store traktoren viser Heggestad fram brøytestikkene han nettopp har sett i bakken. Tre av veldig mange.

Berre han og mannskapet hans set ut 23.000 brøytestikker i løpet av nokre veker i september. Til saman skal dei nå over 550 kilometer med veg, og ja, stikkene skal sjølvsagt stå på kvar side. Kvar einaste stikke må nøye settast i bakken.

– På ein god dag greier vi kanskje setje 100 stikker i timen. Så det blir nokre timar med arbeid, vedgår Heggestad.

Treng berre trykke på ein knapp

Traktoren som står og brummar i bakgrunnen er ein trufast arbeidskamerat desse vekene. Framme er det montert ein brøytestikkar, ei heilautomatisk maskin som gjer heile jobben. Maskina er kopla til ein skjerm inne i traktoren, og med eit trykk på ein knapp går jobben av seg sjølv.

– Når eg trykker på knappen går piggen ned, lagar hol i bakken og går opp att. Deretter går den andre armen ned med brøytestikka, før det kjem ein stampar i underkant og trampar ned jorda rundt stikket. Så går armen tilbake og plukkar opp ei ny brøytestikke, så er maskina klar til neste, forklarar Heggestad.

40-åringen frå Veitastrond gliser breitt når han peikar og forklarar. Han har alltid hatt ein kjærleik til maskiner, og nettopp difor har han teke på seg jobben med å sette ut brøytestikker.

– Eg må seie eg er ganske fascinert av denne stikkesettaren, humrar han.

(Artikkelen held fram under videoen)

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Øyvind Heggestad og mannskapet hans skal setje ut 23.000 brøytestikker før dei gir seg. FOTO: Anna Gytri.

Folk flest tek stikkene for gitt

Og ja, det kan kanskje seiast at ein slik jobb er for spesielt interesserte. Det seier også Heggestad sjølv.

Men den er viktig for mange. Tenk deg berre sjølv.

Du er ute langs vegen ein sein haustkveld, regnet trommar på frontruta og i mørket ser du knapt vegen. Eller du skal over ein fjellovergang vinterstid og i snøføyka ser du nesten berre kvitt framfor deg.

Korleis veit du då kor vegen går? Ofte ser du etter refleksen på brøytestikkene. Brøytestikke på brøytestikke som står kilometer etter kilometer.

Og det ligg mange timar bak. Heller ikkje Heggestad hadde tenkt over kor mykje arbeid det var, før han sjølv sette seg bak traktoren for å gjere jobben.

– Vi tek det vel for gitt. Det vi ikkje har føling med, det berre er der for dei fleste, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brøytestikkemaskin set ut brøytestikker i Kaupanger

METER FOR METER: Med ei slik brøytestikkemaskin montert frampå ein traktor kan sjåføren greie setje ned i overkant av 100 brøytestikker i løpet av ein time.

Foto: Anna Gytri / NRK

Leverer 1, 5 millionar stikker i året

Mellom 800.000 og 1,5 millionar brøytestikker går ut frå lageret til Trollheim Vekst i Surnadal kvart år. Berre til entreprenørar og kommunar på Vestlandet går det med fleire hundre tusen stikker.

– Vi har drive med brøytestikker sidan midten av 1990-talet, og i fjor hadde vi ein omsetnad på stikker på sju millionar kroner, seier Johan Rangnes.

Han har i mange år vore driftsleiar ved Trollheim Vekst i Surnadal, men har no fått ei anna rolle fram til han skal pensjonere seg om eit halvår. Bedrifta han forlet er ein av dei ledande leverandørane av brøytestikker i Norge.

– Kvart år går det ut mellom 800.000-900.000 til 1,5 millionar brøytestikker frå oss, seier han.

Trollheim Vekst leverer brøytestikker til både entreprenørar, kommunar, og privatpersonar og med strenge krav må det vere kvalitet i kvar stikke.

– Vegvesenet har strenge krav, det skal vere bestemte typar stikker av anten bambus eller plast, og ein bestemt type merking, seier Rangnes.

Fann opp brøytestikka i 1928

Historia til brøytestikkene er byrja bli gammal. Det blir sagt at vegvaktar og vegoppsynsmann John G. Aase frå Gaular i Sogn og Fjordane skal ha vore den første til å ta dei i bruk i 1928.

Sidan då har brøytestikker blitt eit meir og meir vanleg syn. Jobben med å gjere det har gått frå hardt fysisk arbeid for hand, til å bli meir og meir heilautomatisk.

I 2013 er det heilt sjølvsagt at det blir sett opp brøytestikker, og i Vegvesenet sine kontraktar er det klare krav til korleis dette skal gjerast.

(Artikkelen held fram under biletet)

Riksveg 13 over Gaularfjellet, fotografert i mai 1952

STAUR: På dei høgste fjellovergangane blir det framleis i dag brukt brøytestikker som minner meir om store staurar. Bette biletet viser brøytestikker over Gaularfjellet i mai 1952.

Foto: Kåre Norddal/Norsk Vegmuseum

Styrer alt frå førarhuset

Det aller meste av dei hundretusenvis av brøytestikker som går i jorda no blir sett ned med maskin. Og ei slik maskin er det nyaste leiketøyet i maskinparken til Øyvind Heggestad i Sogndal.

Den gule stikkesettaren frampå traktoren blir enkelt styrt frå førarhuset i traktoren. Med eit par trykk på ein moderne touchskjerm kan han programmere maskina slik han vil.

– Her kan du køyre alle funksjonar manuelt, du kan starte og stoppe den, men til vanleg brukar vi berre trykke på ein knapp som får maskina til å gjere alt sjølv, seier han og trykker på skjermen.

Sidan mesteparten av jobben med å sette stikkene altså blir gjort maskinelt, er det ikkje så mange grovskitne fingrar å sjå.

På skjermen kan han stille maskina inn på kor hardt den skal trykke den jorda rundt brøytestikka, kor langt ned maskina skal gå før piggen skal byrje lage hol, eller kor tjukke brøytestikkene som blir brukte er.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Heggestad viser fram den vesle datamaskina som er tilknytta brøytestikkemaskina

MASKIN: Med nokre tasttrykk på denne skjermen kan Øyvind Heggestad stille brøytestikkemaskina slik han vil.

Foto: Anna Gytri / NRK

– Rutinefylt, men krevjande

Men sjølv om jobben i hovudsak blir styrt med nokre tasttrykk frå førarhuset på ein traktor, er det ikkje ein jobb kven som helst kan gjere, meiner Heggestad.

– Eg vil seie du må vere både spesielt interessert, og vaken på det som skjer heile tida. Det er mykje bevegelse, du har trafikken rundt deg, og du har ei maskin du må setje deg inn i, seier han.

– Det er ein veldig rutinefylt jobb, men det er ein krevjande jobb, fordi du skal vere på hogget heile tida, seier han og trykker på knappen på ny.

Må følgje med heile tida

Heile traktoren gjer eit lite rykk når piggen går ned og pressar seg ned i grøftekanten. Men så kjem ein ulyd Heggestad ikkje likar.

– Der trefte piggen hard stein, så her kjem den ikkje ned. Så no må eg køyre nokre centimeter fram og prøve på nytt.

– Men var det maskina som sa frå?

– Nei, eg høyrer det på lyden når det blir feil, så då stoppar eg piggen. Om ikkje kan den bli øydelagd, forklarar han og køyrer litt fram.

Med eit trykk på knappen går piggen ned og opp, armen med brøytestikka går ned, og vips, ferdig. Slik går det, stikke etter stikke. Men av og til må også Heggestad ut og jobbe litt.

– Du ser den stikka her, den står litt for loddrett. Den bør stå litt utover, for at den ikkje skal bli kasta vekk av vinga på skjeret, forklarar han og peikar.

Med ei hand rundt brøytestikka tvingar han den litt bakover, før han sparkar litt i grusen og får stikka til å stå litt skeivt.

– No står den fint, seier Heggestad og hoppar tilbake i traktoren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Svein Jarle Vigdal

VIKTIG JOBB: Svein Jarle Vigdal, driftsleiar for Mesta i Midtre Sogn, seier jobben mannskapet gjer med utsetting av brøytestikker er viktig for mange.

Foto: Anna Gytri / NRK

Både plast og bambus

Ein som veit å setje pris på jobben Heggestad og mannskapet hans legg ned er Svein Jarle Vigdal. Han er driftsleiar i Mesta AS i Midtre Sogn og har sjølv gjort same jobben.

– Det har blitt nokre tusenvis av brøytestikker på meg i løpet av åra ja, seier han.

I eit stort lagerbygg på Leikanger viser han fram stabel på stabel med brøytestikker. Nokre i plast, andre av bambus. Nokre på to meter, andre på nesten fire.

– I låglandet brukar vi lågare brøytestikker, oftast av plast, medan i område med meir snø blir det lengre stikker, og då ofte av bambus, forklarar han.

Berre i hans distrikt går det med vel 25.000 stikker kvar haust, og det er ikkje alle som greier seg gjennom vinteren. Vigdal seier dei reknar med eit svinn på ca 30 prosent.

– Set vi ut 100 stikker, så får vi att 70 som kan brukast, seier han.

– Viktige for mange

Sjølv har 57-åringen lagt arbeidet ute langs vegane på hylla. No blir det mest papirarbeid, men etter 35 år i vegstellet veit han at det blir lagt ned mykje arbeid ute.

Folk flest tek brøytestikkene langs vegane for gitt, men Vigdal skulle ønskje folk tok meir innover seg kor viktige dei faktisk er.

– Frå starten av var brøytestikkene sett ut for at den som brøyta vegen skulle vite kor vegen var. I seinare tid har trafikantane fått meir og meir nytte av dei, spesielt etter at det vart teke i bruk refleks på dei, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Heggestad fyller opp magasinet med brøytestikker

FYLLER OPP: Med plass til rundt 300 stikker i magasinet blir det ein del bæring for å fylle på. I alt skal Øyvind Heggestad og mannskapet hans setje ut 23.000 stikker i Midtre Sogn.

Foto: Anna Gytri / NRK

Meiner stikkene har berga liv

Vigdal fortel at det no er krav til at brøytestikkene skal ha refleks, og meiner dette i mange tilfelle har berga bilistar frå å hamne i grøfta.

– At folk seier« takk og lov for at det var stikker der og der», det får eg høyre folk seie ofte. Spesielt i tåke, slik vi har no om hausten, då seier folk at dei har køyrt etter brøytestikkene.

– Trur du at brøytestikkene kan ha redda liv?

– Det er eg heilt sikker på. Rett og slett fordi folk ikkje har køyrd av vegen. Mange stader er det ikkje rekkverk, og då køyrer folk etter stikkene. Det har eg gjort sjølv, seier han.

Ber bilistane ta omsyn

Øyvind Heggestad trykker berre på denne knappen for å starte brøytestikkemaskina

KNAPP: Eit lite trykk på denne knappen er det som skal til for at maskina skal sette ned piggen, lage hol og setje ned brøytestikka der sjåføren vil.

Foto: Anna Gytri / NRK

Langs vegen i Kaupanger har Øyvind Heggestad sett ned nok ei sirleg rekke med raude brøytestikker.

– Det går i det same heile vegen. Eg finn posisjonen min i forhold til vegskuldra, eg trykker på knappen, og så gjer maskina jobben. Så det er viktig med rikeleg med kaffi, flirer han.

– Men som eg sa, du må vere vaken heile tida, du må følgje med på maskina, justere stikker og slike ting. Og ikkje minst, du må følgje med på trafikken rundt deg, seier han.

Og det siste er viktig. Etter timar i traktoren med eit arbeid som går ganske sakte framover har han og mannskapet fått merke at folk er utolmodige.

– Folk vil forbi med det same, og nokre køyrer forbi på uoversiktlege plassar. Men vi følgjer med, og ved første høve, slepp vi forbi, seier Heggestad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Øyvind Heggestad

GLAD I MASKINER: Øyvind Heggestad er glad i alt som har med maskiner å gjere. – Difor var dette midt i blinken for meg.

Foto: Anna Gytri / NRK

Tusenvis av stikker igjen

Før han kan seie seg nøgd med jobben må han bli ferdig med ganske mange kilometer til.

Til saman skal han og mannskapet altså sette ned 23.000 stikker langs vegane i Midtre Sogn. Med litt over 100 stikker i timen på ein god dag, betyr det mange timar til i traktoren.

Men motivasjonen til å halde fram skortar det ikkje på.

– Eg har kjente som brøyter, og vi veit vi gjer ein viktig jobb. For dei som brøyter er det ganske avgjerande med brøytestikker, og vanlege bilistar kunne jo ha prøvd seg over Vikafjellet ein vinterdag utan, seier han.