Slik kan det gå om du ikkje mokar taket

Dei store snømengdene medfører fare for hytter og hus. Mok taket for det er for seint!

Samanrast bygning under snø

SLIK KAN DET GÅ: Tung snø gjer at konstruksjonen kan svikte og bygningar kan rase saman.

Foto: Gjensidige

– Med så mykje snø som vi har no, er det mange hus og hytter i faresonen. Det er viktig at folk rett og slett får bort snømassane på taket, seier informasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Dei siste dagane har snøen lava ned over Vestlandet. I Sogn og Fjordane kan det liggje halvannan meter med snø i indre strok. Utover dagen er det meldt om vêrskifte, mildare temperaturar og fare for nedbør.

– Vi har ikkje fått melding om skadar til no. Men om snøen blir liggjande over tid, og vi no får verskifte, så er det mange bygningar som kan vere i faresonen, seier Voll.

– No er det lurt å finne fram spaden

Forsikringsselskapa får titt og ofte meldingar om bygningar og konstruksjonar som har bukka under for vekta av mykje tung og våt snø.

– Vi har sett hytter som har rast fullstendig saman. Og vi har døme på folk som mokar taket, der alt hamnar på same staden og gjerne medfører at ein terrasse kan ramle saman, seier Voll.

Han oppmodar no folk med mykje snø på taket om å gjere ei vurdering av behovet for å fjerne snømassane. Om konstruksjonen knirkar og smell, eller om dører og vindauge går tregt, er det teikn på fare.

Han appellerer folk om å bruke sunn fornuft.

– Det viktigaste er å få vekk snø på tak og terrasse. Det er ikkje heldig å la tung snø liggje over tid. Er det ein meter eller to med snø, er det lurt å finne fram spaden, seier informasjonssjefen.

Du er pålagt å fjerne snøen sjølv

Voll understrekar samstundes at sjølv om det regnar i låglandet, så kan nedbøren komme som snø i fjellet.

Og er uhellet først ute, må du som huseigar melde inn skaden.

– Dette er normalt skade som blir dekt av forsikringa. Men veit du om at det skal komme mykje snø, og lar snøen liggje over tid, kan du få ei avkorting på utbetaling. Det er noko vi må vurdere frå tilfelle til tilfelle. Men alle har sjølv eit ansvar for dette, seier Voll.

Han viser til at det i forsikringsavtalen står at den som eig ein bygning er pålagt å fjerne snø jamleg frå tak, veggar, veranda og terrasse for å førebyggje og avgrense skadar.

– Forventar de skade som følgje snømengdene no?

– Det er vanskeleg å seie. Men med så mykje snø som det er no, veit vi at det fort kan bli skader, seier Voll.

Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.