NRK Meny
Normal

Slik jobbar dei nye datasvindlarane

Mannen skulle hjelpe nordfjordkvinna med å ordne "tryggleiksproblem" på nettet. Det kunne fort fått alvorlege følgjer.

Illustrasjonsfoto

DATASVINDEL: Oppringar med tilbod om å hjelpe deg med tryggleiksproblem på dataen, er ei ny form for svindelforsøk. Illustrasjonsfoto.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Ei ny form for datakriminalitet har i vår feia innover Norge. I helga dukka det for første gong opp i Sogn og Fjordane.

– Ei kvinne vart oppringt av ein person som snakka gebrokkent engelsk. Han fortalde at datamaskina til kvinna var blitt hacka og at han skulle leie henne gjennom eit dataprogram som skulle stogge angrepet, fortel politiførstebetjent Marianne Føleide ved Økoteamet i Sogn og Fjordane politidistrikt.

Blir stadig fleire

Politiet ynskjer å åtvare mot slike svindelforsøk. I verste fall kan ein risikere at personen i andre enden av telefonlinja får full kontroll over datamaskina, bilete, dokument og anna personleg informasjon.

– I neste omgang er dei i risikosona for ID-tjuveri, åtvarar Føleide.

Tom Seierstad, tryggleikssjef i Microsoft Norge, seier framgangsmåten er kjent. Datakriminalitet har lenge hatt ulike innpakningar. Alt frå programvare til e-postar.

No ringer også svindlarane tilfeldig frå telefonlista.

– Vi har sett slikt tidlegare år i engelskspråklege land, men frå i vår har vi sett og høyrt om fleire tilfelle i både Norge og Sverige. Det varierer veldig, men vi kan få fleire meldingar for dagen, seier han.

Dette vil dei

Seierstad fortel at det er blitt ein vanlegare metode blant datakriminelle å spele på folk seie frykt. Han fortel at dagens «virus» er mindre synlege på datamaskina, men at dei fleste antivirusprogram vil oppdage dette.

Seierstad seier det er fleire ting oppringjarane prøver å lure deg inn på.

Ole Tom Seierstad, Microsoft

TRYGGLEIKSSJEF: Ole Tom Seierstad.

Foto: Microsoft

– Det eine er å betale 199 pund for eit verkty som skal fjerne hacking-programvare. Eigentleg får du eit nytt svindelprogram installert. Det andre er å laste ned verkty frå ei webside, men ein kan også bli beden om å overlate kontrollen av datamaskina til vedkommande som ringer. Det han gjer, er å lage ei bakdør, held Seierstad fram.

Ringjer tilfeldige

– Dei ringjer heilt tilfeldig. Vi har fått meldingar frå folk ikkje har PC, som har Mac eller som har så solide tryggleiksløysingar at angrep skulle vere umogleg, legg tryggleikssjefen til.

Seierstad fortel at dei fleste dataeigarane har forstått at det er tale om eit svindelforsøk når telefonen ringjer.

– Det er ikkje alle tilfelle vi høyrer om, men mange har skjønt undervegs og ikkje betalt. Det er nokre som har betalt, men fått hjelp av banken til å stogge transaksjonen. Nokre er blitt guida til å opne ein paypal-konto, då er det litt verre, seier han.

– Legg på

Kven som står bak svindelforsøka er uvisst, men Seierstad kjenner til tilfelle der oppringjaren ringjer frå eit callsenter i India, med amerikansk nummer.

– Kven som helst kan leige eit callsenter til å gjere ein slik jobb, seier han.

Han oppmodar folk som får slike telefonar til å legge på, og ikkje ta opp noko diskusjon med personen i andre enden. Han oppmodar også folk om å melde frå til politiet om ein blir forsøkt svindla.

– Tilfelle vi kjenner til rapporterer vi til våre etterforskarar, som saman med politiet prøver å finne ut kven som står bak. Men det er vanskeleg for politiet å gjere noko så lenge ein ikkje har noko spor å gå etter, seier han.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast