Hopp til innhold

Dei har jobba hardt for at du skal ha det bra på hytta

For mange startar ferien fredag, og med det, moglegheita til å dra høgt til fjells for å nyte norsk natur. Men for at dei skal kunne det, har nokon jobba dugnad – lenge.

I arbeid

NØYE: Skal ein lage platting, må ein vere pinleg nøyaktig, elles vert det skeivt, understrekar dugnadsleiar t.h. Harald H. Lund.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen (831 m.o.h.) i Luster på

hyttedugnad.

– Det er vel entusiasme og gleda av å vere i fjellet som gjer at vi blir med. Alle vi som er med på dugnad, er vel i fjellet ei god veke, seier dugnadsleiar Harald H. Lund, medan han hamrar laust på det som skal bli ein ny platting.

Hadde vore vanskeleg utan dugnad

Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.

Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfaldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.

Skogadalsbøen i Luster er ein dei mange hyttene til turistforeningen som får besøk av dugnadsgjengen.

– Dugnadsarbeidet er berebjelken i turistforeningen. Hadde ein ikkje hatt desse dugnadsgjengane, så trur eg det hadde vore vanskeleg å drive turistforeningen, seier Lund.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Turistforeningshyttene rundt om i landet førebur seg på storinnrykk no når sommarsesongen snart er i gang.
Det betyr at enkelte må leggja ned fleirfoldige timar i dugnadsarbeid for å få alt på stell.
Og denne veka har ein liten gjeng gått til Skogadalsbøen i Luster på hyttedugnad.

I FULL FART: Slik jobbar dei på Skogadalsbøen. Foto/redigering: Stine Kyrkjebø Johansen.

Er ingen feriekoloni

Skogadalsbøen litt i Jotunheimen, ein fem-seks timars gonge frå Sognefjellshytta, som ligg midt på Sognefjellet. Og dugnadsgjengen er ikkje tung å be.

– Det å komme seg til fjells, tykkjer vi er morosamt. Og så gjer vi jo noko for fellesskapet, det er jo det som er dugnadsanda, seier Lund.

Han legg til at for mange er dette eit supplement til den vanlege ferien.

– Ei veke her i fjellheimen, før ein dreg til Syden eller andre stader, det er ei fin avveksling, seier Lund.

Men han understrekar at det ikkje er noko ferieopphald, dersom folk skulle tru det.

– Nei, det skal jobbast heile tida. Men det blir jo høve til pausar, seier Lund og ler.

(Artikkelen held fram under biletet)

Frå gamle tider

GAMLE MINNE: På veggen heng mange bilete og ting frå gamle tider. Biletet øvst er av første bestyraren på Skogadalsbøen, Torgeir Sulheim.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Set stor pris på innsatsen

At arbeidet dei gjer er viktig, og vert sett pris på, er det liten tvil om.

– Her driv dei no og byggjer ein platting som vil hjelpe oss veldig, slik at det ikkje blir så mykje skit og søl inni huset, samt at vi også skal nytte han til servering. Så her skal det bli bord og stolar, seier styrar ved Skogadalsbøen, Olav Kjell Moen.

Over 500 000 dugnadstimar vart lagt ned for turistforeningen i fjor. Alt frå hyttedugnad til merking og rydding av sti, til frakting av mat til svoltne turgåarar.

Dugnadsgjengen flytta i fjor over 40 000 hermetikkboksar til hyttene. Det kan høyrast slitsamt ut, men alle som éin, trekkjer dei fram positive ting med å vere med i dugnadsgjengen.

– Kameratskapet og det sosiale er ganske vesentleg. Dei menneska vi treffer, er utruleg hyggelege. Og det kameratskapet som blir, og den gode tonen som er blant dei som er her, gjer at det er kjekt å vere her, seier Lund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Skogadalsbøen

FJELLMILJØ: Skogadalsbøen har 87 senger, og hytta er påbygd fleire gonger.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Likar å bli sett pris på

Bjørn Harald Harkjerr i dugnadsgjengen, stadfestar at fjellområdet i Luster er ein plass han trivst godt.

– Eg likar meg godt i Jotunheimen, og difor vil eg gjerne her på dugnad, seier Harkjerr.

Henrik Evenrø er pensjonist, men stiller gjerne opp på dugnad i fjellheimen.

– Det er kjekt å vere i eit miljø som gjer ein jobb som mange set pris på. Og så kjem eg meg ut sjølv også, og får oppleve masse flott. Det er min motivasjon, seier Henrik Evenrø.

Arbeidet med plattingen går jamt og trutt.

– Vi har i grunn god tid. Men laurdag er det jubileum, og då må han vere ferdig. Det kan vere danseplatting, dette då, seier Lund og ler.

(Artikkelen held fram under biletet)

Styrararne

VIL HA MEIR BESØK: Styrarane Olav Kjell Moen og Marit Høgheim vil gjerne ha mykje besøk i sommar.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Både hestar og folk vart snøblinde

Torgeir Sulheim var første styrar på Skogadalsbøen (1888-1906), men her har vore folk lenge før den tid.

– Dei har funne gamle trau oppe i ei myr her, som er nesten 2000 år gamle. Her har vore folk og drift i nesten 2000 år, så det er klart at det her har vore tidleg busetnad, seier Moen.

Hytta er bygd i fleire etappar, og fornya litt undervegs. Bygging og ombygging har vore tungvint. Før måtte ein nytte hestetransport frå Leirvassbu og køyre inn material på vinteren medan det var skareføre.

– Slik det var før, var det ein tøff jobb. Ei historie fortel at både hestar og folk låg snøblinde her inne i mange dagar etter å ha frakta inn material, så det var mange tøffe tak. Då er det langt lettare no når vi får inn det vi treng av material med helikopter, seier Moen.

Også Slingsby har vore der

Også William Cecil Slingsby var på Skogadalsbøen då han vart første mann som klarte å ta seg til toppen av Store Skagastølstind i 1886.

– Då overnatta han og dei han hadde med seg, i det gamle steinbua, som då var stølshuset her på bøen.

I fjor var nesten 2800 innom, men Moen har tru på endå fleire i år.

– I år satsar vi på litt fleire, sidan det er jubileumsår, seier Moen.

Verstasjon

KORLEIS ER VÊRET: Litt original vêrstasjon på Skogadalsbøen.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK