Hopp til innhold

Slik inntek sogningane Bergen før skjebnekampen mot erkerivalen

BERGEN (NRK.no): Sogningar i svart og kvitt set preg på Bergen framfor skjebnekampen mot Brann. Nokon vekkjer oppsikt med ein Sogndal-bil!

Sogningar i svart og kvitt set preg på Bergen framfor skjebnekampen mot Brann. Nokon vekkjer oppsikt med ein Sogndal-bil!

EKTE SOGNDØL: Sjekk den bilen! Mange sperra nok auga opp då denne bilen kom køyrande inn i Bergen sentrum før Brann-kampen. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

– Det er stor stemning ja, stadfestar Vidar Vadseth.

Han er leiar for supporterklubben Saftkokaradn, og har si fulle hyre med å dele ut supporterutstyr på sportspuben Metz i Bergen sentrum.

Der hadde det ved 14-tida allereie samla seg fleire hundre sogningar, og det var allsang då NRK.no var innom for å lodde stemninga.

Berre timar igjen til skjebnekampen

Før helga kunne NRK.no melde om at heile borteseksjonen på Brann stadion er utselt. No er også resten av stadion utselt, og det blir med andre 17.000 tilskodarar på det store oppgjeret.

For det er ikkje utan grunn at nesten 1000 sogningar har teke turen til Bergen:

Med berre to kampar igjen å spele, kjempar Sogndal, Brann og Sandnes Ulf om éin kvalifiseringsplass i botnen i eliteserien. To lag rykkjer rett ned.

Og Brann kan ikkje tape mot Sogndal – elles er storklubben ferdig. Sogndal kan derimot få spele i eliteserien også neste år om dei slår erkerivalen - men då må dei først vinne kvalikampane mot nummer tre i førstedivisjon.

Har køyrt til byen i ekte Sogndal-bil

Blant dei som har teke turen til Bergen, er kvartetten Magnar Gjøstein, Øy vind Henden, Camilla Gjøstein og Kjell Rune Gjøstein. Dei har køyrt frå Sogndal i ein Sogndal-dekorert 1992-modell Volvo 240 stasjonsvogn.

– Dette er ein supporterbil som vi har laga, og som vi veldig glade i. Folk smiler når dei ser han kjem køyrande. Vi får gode tilbakemeldingar, humrar Magnar Gjøstein.

Saman med eigar Rune Gjøstein har han brukt mange timar på å lakkere bilen i svart-kvitt. Resultatet er ein diger Sogndal-logo på panseret, og «Sogndal» skrive over heile sida.

No er bilen i bruk når favorittlaget frå Sogn er i aksjon.

– Vi var i Ålesund og på Sandnes med bilen. Det blir jo mest på heimekampar, men vi reiser også litt på bortebane, seier Gjøstein medan Tone Damli si kjende stemme syngjer «Me e med» for full hals inne frå bilen.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sogndalsupporterar ladar opp før skjebnekampen mellom Brann og Sogndal.

KLARE FOR KAMP: Bli med inn på supporterpuben i Bergen før kampstart. Foto og redigering: Alf Vidar Snæland

Lovar å støtte spelarane frå tribunen

På puben i sentrum er det ei blanding mellom nervøsitet og stor tru på eige lag.

– Klart eg er nervøs. Men eg har tru på laget etter det dei viste mot Molde. Spelar dei slik i dag, så vinn dei, seier Vidar Vadseth.

– Dei setje sjansane sine, så vi må ha ein målscorar. Eg håpar Tim Nilsen har fått på seg rette fotballskoa i dag, seier han.

– De skal iallfall gjere det de kan...?

– Vi er klare for å støtte laget. Eg trur det kan ha stor betydning for dei - særleg når dei kjem inn på stadion og ser at at heile borteseksjonen er svart og kvit. Og vi skal ta i, lovar supporterleiaren.