Hopp til innhold

Ordføraren hylla noregsmeistrane frå Førde

OSLO (NRK): Ordførar Olve Grotle i Førde fekk æra av å overrekke kongepokalen til Førde VBK etter sigeren i finalen mot NTNUI. Det var ei stor stund for han.

Ordførar Olve Grotle (H) hylla Førde volleyballklubb under banketten.

SJÅ VIDEO: Ordførar Olve Grotle (H) visste å hylle gullgutane til Førde volleyballklubb. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Det var fantastisk, rett og slett. Det var så spennande, i dag ville vi vinne. Eg har vore med på to cupfinalar før. Dei har vi tapt. Og så tenkte eg: Skal vi tape for tredje gong, det veit eg ikkje om eg orkar. Men det slapp eg å oppleve.

Mathias Loftesnes og Olve Grotle

STOLTE: Det var ein stolt Olve Grotle som overrekte kongepokalen til ein stolt Førde-kaptein, Mathias Loftesnes.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Og Grotle var svært stolt over å representere Førde på ein slik dag. Og det blir meir feiring på Førdehuset når spelarane kjem att frå Oslo kring klokka 1830 på søndag.

– Eg er nesten så stolt at eg svever. Eg har nesten ikkje ord for det. Den stemninga som er her etterpå, når alle går og klappar på kvarandre og gir klemmar og seier at dette er eit fantastisk omdømmeprosjekt for Førde og for fylket, dei er eg heilt samd med.

Førde feira seg sjølve på RBK-måten under banketten.

SJÅ VIDEO: Førde-gutane dreg i gang det velkjende RBK-feiringa - på sunnfjordvis - under banketten. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Grotle syntest det tredje settet var ulideleg spennande.

– I sistesettet heldt dei på i det uendelege, det var nesten slik at eg måtte ta fram eit glas med nitroglyserin. Det greidde eg å unngå, men eg måtte hive fatla eg går med då eg skulle dele ut pokal, for det går ikkje an å dele ut ein kongepokal med ein arm i fatle.

– Kor viktig er dette for Førde?

– Akkurat no er det det viktigaste i verda, sjølvsagt. Men det er viktig for omdømmebygginga vår, det er viktig for ungdommen at vi har eit lag som inspirerer så godt. Og så er det eit ungt lag. I dag er det rett og slett fantastisk, fantastisk, fantastisk.

Mathias Loftesnes vart kåra til herrefinalens mest verdifulle spelar.

VERDIFULL: Under banketten begrunnar landslagstrenar Scott Olsen kvifor Mathias Loftesnes var herrefinalens mest verdifulle spelar. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)