Slik hugsar vi kongeparet i Sogn og Fjordane

I dag har kong Harald og dronning Sonja vore kongepar i 25 år. Vi har plukka ut nokre av minnene dei kongelege sine besøk til Sogn og Fjordane.

Gå til forsiden

Kongeparet i Sogn og Fjordane

Aslaug Risnes

Kongeparet i Sogn og Fjordane

8 bilder

    Året er 1991, datoen er 17. januar. Verda er oppteken av oppstarten av den første Gulfkrigen. I Norge får vi alle den sørgelege nyheita om at folkekongen Olav har gått bort. Kong Harald kjem på TV og snakkar, og Slottsplassen blir fylt opp med levande lys. Etter som åra går, reiser kongeparet mykje rundt i landet, mellom anna til Sogn og Fjordane.

    Fylkesturen juni 2002

    Harald og Sonja har vore kongepar i 11 år, og har vald å leggje årets fylkestur til Sogn og Fjordane. Kongeskipet Norge stevnar inn Sognefjorden, over alt står folk i flokk for å ta imot kongen og dronninga.

    – For oss i Hyllestad var dette ei flott oppleving. Vi var jo ikkje så vande med å få så fint besøk. For oss var dette veldig stort, fortel dåverande ordførar Harry Mowatt.

    Mellom dei som fekk møte kongeparet denne vakre junidagen var Aslaug Risnes. Ho var enke etter oberstløytnant og krigshelt Harald Risnes. Han var sjef for heimestyrkene "Bjørn West" som kjempa i Matrefjella, og fekk utmerkinga Krigskorset med sverd.

    – Minnesmerket her er over dei siste som deltok i kamphandlingar i Noreg, og difor gler det meg veldig at han og Dronninga tok seg tid til å kome hit, sa Aslaug Risnes til NRK-reporter Birger Meland den gongen.

    Kong Harald og Dronning Sonja besøkte sjukehuset i Lærdal, her saman med Jon Bolstad

    LÆRDAL: Kong Harald og dronning Sonja på Lærdal sjukehus 23. januar 2014. Her saman med Helse Førde-sjef Jon Bolstad.

    Foto: Picasa

    Brannen i Lærdal januar 2014

    Dei har vore kongepar i litt over 23 år, og når storbrannen råkar Lærdal, får fylkesmann og kommune raskt beskjed om at kongen og dronninga vil kome og sjå skadane.

    Særleg kong Harald har hatt eit nært forhold til Lærdal og særleg Lærdalselvi i mange år, og for han var det eit sjokk å sjå på nyheitene om brannen.

    – Det som slår meg er korleis dei forskjellige etatane og vanlege folk har samarbeidd om å løyse dei utfordringane som oppstod. Dei fekk det beste ut av det, og det er vel ein av grunnane til at det ikkje gjekk menneskeliv, sa kong Harald då han og dronninga møtte pressa.

    Dronning Sonja på UWC

    FJALER: Dronning Sonja på eit av fleire besøk til Hauglandsenteret og United World College i Fjaler.

    Foto: Marie Osland / NRK

    Naturen, vegane og skulen

    Både før dei blei eit kongepar og i åra etter, har kong Harald og dronning Sonja vore ei rekkje gonger i Sogn og Fjordane.

    Mellom anna var kong Harald på plass for å opne Lærdalstunnelen i år 2000. Dronning Sonja var seinast i fjor på besøk til United World College i Fjaler, som ho er høg beskyttar for.

    Dronninga har også vore på fleire private besøk i fylket, der ho har vandra over fjell og vidde. I 2004 besøkte ho Øygard i Fjærland i samband med 50-årsjubileet for Flatbrehytta, og tårene trilla då ho møtte enka etter sin gode ven, fjellguiden Anders Øygard.

    Over 3000 asylsøkjarar har forsvunne siste året.
  
    Heile villreinstammen på Nordfjella, nær 2000 dyr, bør utryddast snarast råd. Det meiner forskarar etter at det i fjor blei påvist skrantesjuke. 
I dag møttes forskarar, politikararar og forvaltninga, for å diskutere den vidare kampen mot smitta.
    Mange hoppbakkar i Norge ligg som attgrodde monument frå ei gløymd stordomstid. Og utan hoppbakkar forsvinn også skihopparane. Men på Hafslo i Sogn og Fjordane held brødrene Lomheim hoppsporten i live med hundrevis av dugnadstimar, i håp om ein gong å sjå nye rekruttar sleppa seg frå bommen.