Hopp til innhold

Slik hugsar ho den verste episoden ho vart utsett for

Det har gått vel eit halvt år sidan Liv Signe Navarsete gjekk av som senterpartileiar. No snakkar ho ut.

Liv Signe Navarsete

TUNG TID: Liv Signe Navarsete fortel ope om den turbulente tida medan ho sat som partileiar.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Etter ei lang tid med indre strid gjekk ho av på det ekstraordinære landsmøtet til Senterpartiet 9. april i år. Tida etter har ho brukt til å reflektere over det ho har vore gjennom.

– Det har vore eit godt halvår, seier Navarsete, når ho skal summere opp.

Ikkje bitter

Det er vel rett å seie at eg vart dolka i ryggen av enkelte i partiet. Men det må du berre bestemme deg for å ikkje bruke krefter på, viss ikkje vil det lett kunne ete deg opp.

Liv Signe Navarsete

Før landsmøtet hadde ho gått sjukemeld sidan februar med eit virus på balansenerven. Navarsete seier at legane ikkje veit om sjukdomen har nokon samanheng med det køyret ho var igjennom.

– Men det var nok bra for meg at eg fekk det viruset, for då vart eg tvinga til å ta ein pause. Hadde det berre fortsett i same køyret, så kunne eg fått meg ein smell, seier ho.

Ho seier avgjersla å be om ekstraordinært landsmøte var tøff å ta. Samstundes hadde striden i partiet byrja å tære på kreftene.

– Eg hadde allereie sagt til familien at eg ville gå av som partileiar i 2015, seier ho.

Navarsete tviheld på at ho ikkje er bitter.

– Det er vel rett å seie at eg vart dolka i ryggen av enkelte i partiet. Men det må du berre bestemme deg for å ikkje bruke krefter på, viss ikkje vil det lett kunne ete deg opp, seier ho.

– Den verste episoden eg vart utsett for

Februar 2012 og Navarsete opplever ein av sine tøffaste kampar. På framsida av alle dei store avisene i landet vert ho skulda for å ha skjelt ut ungdomsleiaren i partiet, Sandra Borch.

– Viss eg skriv bok ein gong, så skal eg skriva kva som var sant der. For det er kanskje ut den verste episoden eg vart utsett for, seier Navarsete.

Den boka vil nok ikkje kome med det første. Navarsete seier ho treng å få ting på avstand før ho går til det steget.

Navarsete og Borch

UNNSKYLDNING: Liv Signe Navarsete bad til slutt leiar av Senterungdommen, Sandra Borch, om unnskyldning.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Eg har sagt at det skal ikkje skrivast noko bok frå mi hand, før eg kan omtala alle, utan å ha lyst til å sparke til nokon, seier ho.

Ho vil enno ikkje gå i detaljar, men meiner at episoden vart brukt rått av enkelte i partiet.

– Og det kan eg dokumentere veldig godt, kva som skjedde og ikkje skjedde, seier ho.

Når eg såg meg på TV, så skjønte eg at eg såg veldig sint ut.

Liv Signe Navarsete

Året før var ho òg i hardt vêr, då ho for rullande TV-kamera kom i klinsj med ein veljar og sjukehusforkjempar på Eid.

– Når eg såg meg på TV, så skjønte eg at eg såg veldig sint ut. Men eg vart såra på grunn av påstanden om at Senterpartiet bygde ned distrikta. Eg vart så såra som eg sjeldan har vore i mitt politiske liv, seier Navarsete.

(Saka held fram under TV-saka)

Liv Signe Navarsete sine partifelle i heimfylket slår ring om den omstridde Senterparti-leiaren.
I går beklaga Navarsete nok ei utskjelling, men i Sogn og Fjordane seier dei at det må vere rom for kjensler i politikken.
Liv Signe Navarsete sine partifeller i heimfylket slår ring om den omstridde Sp-leiaren.
I går kveld beklaga Navarsete at ho skjelte ut leiaren for Senterungdomen på eit folkemøte i Troms. 
Bråket rundt partileiaren pregar no også organisasjonen i Sogn og Fjordane.

FEKK STØTTE: Mange partifellar slo ring om Navarsete i den krevjande situasjonen.

Temperamentet var akilleshælen

Ho seier desse episodane vart mat for kritikarane som prøvde å bli kvitt ho.

– Det vart min akilleshæl. Motstandarane fekk noko opplagt å henge hatten på, seier ho.

Ho veit at folk som har jobba med ho tett har eit heilt anna inntrykk av ho enn det som har blitt framstilt. Humøret er godt, sjølv om temperamentet alltid har vore der.

– Eg har jobba med så mange politikarar at eg veit eg ikkje er heilt åleine om å ha temperament, utan at det blir ei svær sak, seier ho.

At ho alltid kjempa mot sentraliseringskreftene, meiner ho er den eigentlege grunnen til at ho har møtt så mykje motstand.

– Det er ikkje sikkert alle synst det er så greitt at distrikta har eit talerøyr. Dei skal helst halde kjeft, seier Navarsete

Også i avisene har ho måtte tole mykje negativ merksemd, med skandaleoppslag og lave terningkast etter dei fleste debattar.

– Eg visste kva eg gjekk til når eg vart leiar i Senterpartiet. Då veit du at Oslo-pressa elskar å hate deg. Ikkje for den du er, men for den rolla du har, seier Navarsete.

(Artikkelen held fram under biletet)

Liv Signe Navarsete takker for seg

IKKJE FEILFRI: – Eg er ikkje feilfri, sa Liv Signe Navarsete, då ho takka for seg som leiar i Senterpartiet etter fem og eit halvt år.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Har fått meir tid til familien

No har ho endeleg fått pusta ut litt. Å vere stortingsrepresentant er travelt nok, men etter avgangen som partileiar føler Navarsete ho har fått litt meir rom til å ta omsyn til familie og vener.

– Når du er leiar i eit parti og er på stortinget, for ikkje å snakke om i regjering, så går det på kostnad av familie og vener. No har eg hatt det køyret i snart ein tiårsperiode og eg trur det er greitt å roe litt ned.

Eg har jobba med så mange politikarar at eg veit eg ikkje er heilt åleine om å ha temperament, utan at det blir ei svær sak.

Liv Signe Navarsete

Etter comebacket på landsmøtet, måtte Navarsete igjen bite i det sure eplet og ta ny sjukemelding. Først i september følte ho seg frisk nok til å vende tilbake til Stortinget og politikken.

– Eg må seie det var godt å kome tilbake og eg følte meg godt motteken, både av eige parti, men ikkje minst av heile stortingsmiljøet. Det vart masse klemmar, seier Navarsete.

HØYR INTERVJUET: Her kan du høyre heile portrettintervjuet med Liv Signe Navarsete frå ettermiddagssendinga til NRK Sogn og Fjordane onsdag 5. november.