Slik hugsar dei Måløyraidet

Toralf Steenslid og Jarl Myrestrand hugsar godt romjulsdagen 1941 då granatane hagla og dei måtte stige over døde tyske soldatar.

Romjulsdagen for 70 år sidan gjorde Måløy til ei einaste slagmark då allierte styrkar gjekk til åtak på den tyske okkupasjonsmakta. I dag vart hendinga markert med blant andre forsvarssjefen tilstades.

Toralf Steenslid var berre 15 år gammal då han høyrde tyskarane vandre uvitande gjennom Gate 1 i sjutida om morgonen.

– Eg berre sov vidare. Så byrja det å knitre, og så høyrde vi tunge skot frå kanonane. Då sprang vi i kjellaren med ein gong. Vi skjønte at det skjer noko, fortel han.

Gøymde seg

Måløyraidet

BAUTA: Kaptein Martin Linge var ein av 52 allierte soldatar som fall under Måløyraidet. Det er reist eit monument i hans minne der han fall.

Foto: Birger Meland / NRK

At det skjedde noko er sikkert. Åtaket kom som lyn frå klar himmel på tyskarane og 138 soldatar vart drepne under den seks timar lange kampen.

– Eg stod på fortauet med kosten då eg høyrde det dundre og skyte. Det skjedde lenger syd, og eg såg ikkje, så eg sprang ned på kaien for å sjå. Eg skjønte fort at det ikkje var verande for folk og sprang opp att til naboen og gøymde meg i kjellaren, fortel Jarl Myrestrand.

Sparka inn døra

Fyrassistent Ragnvald Torheim var den einaste sivile personen som vart drepen. Myrestrand konstaterer at det fort kunne blitt fleire.

– To tyskarar som vakta hestane nedanfor vegen, var livredde og kom opp i kjellaren til oss. Etter ein halvannen time vart det stilt og dei forsvann ut. Eit kvarter etterpå sparka engelskmennene inn døra og spurte om der var tyskarar, fortel han og ikkje vågar å tenkje på korleis det kunne gått om tyskarane framleis var der.

– Måtte halde oss inne

Bombene frå dei allierte og skotutvekslingane var også nærme å råke sivile. Både Steenslid og Myrestrand fortel om dramatiske opplevingar medan dei gøymde seg.

– Det kom kuler som tende aviser tre meter frå meg. Ein granat trefte husveggen så eg var sikker på at huset kom nedover hovudet på oss. Det var eit inferno, held Myrestrand meir.

Også Steenslid søkte tilflukt. Frå kjellaren såg Steenslid krigsskipa sigle forbi, både nordover og sørover.

– Vi måtte berre halde oss i kjellaren, seier han.

– Ikkje lov å gløyme

Forsvarssjef Harald Sunde fortel Måløyraidet var det første rammenedslaget mot Hitler-Tyskland og fekk følgjer for heile krigen.

– Måløyraidet er eitt av dei viktige tilfella i krigen. Dette kom som eit sjokk i eit fredeleg i eit fredeleg samfunn som Måløy. Her på holmen vi står kom det eit kraftig bombardement, det kom soldatar som rykte inn, det vart nærstrid og kamp i gatene og folk gøymde seg i gatene. Etter at striden stilna, så var det mange som hadde mista alt dei eigde. Dette har vi ikkje lov å gløyme, seier han.