Hopp til innhold

Slik herjar vinden med Sogn og Fjordane - sjå lista over skadene og vegstengingane

Vind med orkan styrke i kasta har heile onsdag rundjult Sogn og Fjordane. Først ut på natta skal vinden løye. Politiet ber folk om å halde seg innandørs.

Sterk vind i Svelgen

KASTEVINDAR: Slik såg det ut i Svelgen sentrum onsdag føremiddag.

Foto: Truls Kleiven

– Ut frå det vi har opplevd så langt, med både linjer, takdelar og bildeler som bles vekk, så må vi berre oppmode folk om å halde seg innandørs. Det er risiko for å få noko i hovudet, seier operasjonsleiar Espen Gulliksen ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Han fortel om store utfordringar som følgje av vinden.

– På kysten har vi ein god del hendingar. Det er tre som bles over kraftlinjer og set fyr i terrenget, både i Vågsøy og Bremanger. Vi har delar av tak som bles vekk og ein container som er blåst på sjøen, fortel operasjonsleiaren.

– Lat bilen stå

Politiet opplyser om at Vegtrafikksentralen har entreprenørar i sving over store delar av fylket. Dei jobbar med å klare å halde vegane opne.

Vegtrafikksentralen oppmodar bilistar om å vurdere om dei verkeleg treng å legge ut på vegane denne kvelden.

– Viss ein ikkje må ut, så er det best å halde seg mest mogleg i ro, seier vaktoperatør Morten Hansen.

Hos politiet har Espen Gulliksen dette å seie til dei som verkeleg finn det naudsynt å køyre bil:

– Køyr forsiktig og sjå opp for lause gjenstandar.

Ber folk halde seg unna Svelgen sentrum

I Bremanger har symjehallen i Svelgen fått deler av taket rive av. 14 bilar som stod parkert utanfor Elkem sitt fabrikkanlegg i bygda har fått skader som følgje av grus og gjenstander som vinden har ført med seg.

– Det er framleis mykje kastevind. Folk må sikre seg sjølve. Vi oppmodar folk om å halde seg innandørs i kveld. Dei som ikkje har noko dei absolutt bør gjere, bør halde seg inne. Vi er redde for takplater og liknande som vi ikkje har kontroll på. Desse kan komme flygande i lufta, og i mørket ser ein ingenting, seier Bremanger-lensmann Hans Rune Strandos.

I Vågøy vart ein bil treft av flygande bygningsplater ved Trollebø. Ingen personar kom til skade, men bilen fekk materielle skader.

I Fjærland har takplatene på eit hytte på Bøyum blitt røska av og sende til skogs, skriv Sogn Avis.

Bustadbrann i Svelgen

Sjå eiga sak her.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Tak flerra av symjehall

TOK DELER AV TAKET: Symjehallen i Svelgen har fått hard medfart i den sterke vinden.

Foto: Truls Kleiven

Slik er stoda på vegane:

  • Fylkesveg 616 fergesambandet Måløy-Oldeide innstilt på grunn av sterk vind.
  • Riksveg 52 Hemsedalsfjellet har kolonnekjøring.
  • Fylkesveg 50 Hol-Aurland har kolonnekjøring.
  • Riksveg 13 Vikafjellet er stengt ut dagen.
  • Fylkesveg 53 Tyin – Årdal kan bli stengt på kort varsel.
  • Fylkesveg 13 Torsnes, på strekninga Dragsvik – Moskog er stengt på grunn av rasfare. Ny vurdering i morgon klokka 12.
  • Fylkesveg 57 fergesambandet Rutledal - Rysjedalsvika vert innstilt frå klokka 21:30.
  • Fylkesveg 614 fergesambandet Stårheim - Isane innstilt på grunn dårleg ver.
  • Fylkesveg 614 mellom Svelgen og Bortnetunnelen er stengt på grunn av rotvelte. (Opna att)
  • Fylkesveg 620 mellom Kjøde og Sandvik er stengt på grunn av rotvelte. (Opna att)
  • Fylkesveg 618 ved Vederhus i Selje kommune er stengt på grunn av rotvelte.
  • Fylkesveg 623 Trollebø, på strekninga Deknepollen – Osmundvåg er stengt på grunn av gjenstander i vegbanen.
  • Riksveg 15 Måløybru er stengd og open alt etter vindstyrken. Brua stengjer automatisk.

Sjå oppdaterte vegmeldingar på NRK Trafikk

Måløy og Vågsøya nærmast isolert

Måløy og heile Vågsøya er onsdag ettermiddag nærmast isolert på grunn av uveret. Ferja til Oldeide er innstilt, og Måløybrua blir stadig automatisk stengt på grunn av kraftig vind.

– Vi er sjølvsagt i beredskap og følgjer godt med på kva som skjer. Det er alltid trasig når brua stengjer, og ferja i tillegg er innstilt. Då må ein følgje ekstra godt med om det skulle vere noko, seier ordførar Kristin Maurstad (Ap).

Trevelt førte til brannar

Vind som blæs overende i vinden har onsdag ettermiddag ført til brann i terrenget både i Vågsvåg i Vågsøy og i Sørdalen på Ålfotfjellet i Bremanger. Begge stader vart brannane raskt sløkte, men med mellombels stengde vegar og straumbrot som følgje.

Klokka 19.42 melder politiet at fleire tre har ramla over Panoramavegen i Stryn.

Også ved kyrkjegarden i Innvik i Stryn har eit stort tre gått over ende.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Trevelt på fylkesveg 614 i Bremanger

TREVELT: Fleire stader har tre gått over ende. Dette på fylkesveg 614 på Ålfotfjellet tok også med seg ei kraftlinje og førte til brann i terrenget.

Foto: Truls Kleiven

Laga kø på E39

På E39 mellom Vadheim og Lavik laga eit vogntog lange køar onsdag ettermiddag. Vogntoget køyrde seg fast i grøfta på det smale partiet like vest for Vadheim, og berre personbilar kunne passere. Det utanlandske vogntoget klarte til slutt å komme seg vidare for eiga maskin.

Lenger aust i Høyanger, mellom Kvernhaug og Hovdentunnelen, førte eit branntilløp i ein bil til at fylkesveg 55 var stengd ei stund i 18-tida onsdag kveld.

Fleire hundre utan straum:

Sjå eiga sak her.

Varselet for kvelden og natta:

– Vinden ser ikkje ut til å roe seg før utpå natta. Det blæs godt i Sogn og Fjordane og vi sendte ut eit nytt obs-varsel i ettermiddag, seier statsmeteorolog Anne Solveig Andersen ved Vêrvarslinga for Vestlandet.

Ifølgje Andersen kan det lokalt komme vindkast på opp mot 30 meter per sekund i låglandet.

– Det merkar ein heilt klart. Det kan vere verdt å tenke seg om før ein går ut i dag, åtvarar meteorologen.

Det er venta søraust liten til full storm på kysten og i fjellet, kan hende til dels sterk storm på kysten i nord, minkande natt til torsdag. Torsdag ettermiddag ny auke til søraust liten storm. Vindkasta kan gjere skade når dei slår ned i låglandet.