NRK Meny
Normal

Slik heldt Utvik seg i form medan ankelbrotet gror

Tre knallharde intervalløkter i kajakk (!) i veka, skal gjera at Sogndal-spelar Bjørn Inge Utvik sin kondisjon ikkje vert svekka under skadeopphaldet.

Bjørn Inge Utvik i kajakk

PADLAR: Med redningsvest og årer skal Bjørn Inge Utvik halda kondisjonen ved like, med knalltøffe intervalløkter.

Foto: Privat

– Det er viktig å halda kroppen i gang, sjølv om foten er i gips, seier Bjørn Inge Utvik.

8. mai var den unge midtstopparen maksimalt uheldig, då han braut ankelen i kampen borte mot Haugesund.

Med foten i gips er alternativa hans til kondisjonstrening avgrensa. I Sogndal brukte han ei padlemaskin på idrettssenteret, men Utvik er no heime i Haugesund og der hadde dei ikkje padlemaskin.

Då gjekk han til innkjøp av ein kajakk og korleis det gjekk kan du sjå i videoen:

Tre knallharde intervalløkter i kajakk (!) i veka, skal gjera at Sogndal-spelar Bjørn Inge Utvik sin kondisjon ikkje vert svekka under skadeopphaldet.

HØG PULS: Slik får Utvik opp pulsen når han har gips på beinet.

Tøffe intervall

I kajakken køyrer han på med 45 sekund full innsats og 15 sekund kvile mellom kvar repetisjon. Det gjer han fem gangar før han tar nokre minutt pause, og gjer det same om att ti gangar.

– Eg får ikkje sykla eller sprunge, så då vart det kajakk for å halda kondisjonen best ved like. Eg legg ned så mykje arbeid som mogeleg no, slik at eg er i så god form som mogeleg når eg får av gipsen, seier Utvik.

– Når vert du kvitt gipsen?

– Eg skal på sjekk på sjukehuset her i Haugesund på måndag, og så håpar eg å få den av i neste veke, seier han.

Dei siste vekene har han trena jamt og trutt, men rett etter ankelbrotet var det tøft.

– Dei to første vekene var det veldig vondt, men dei siste vekene har det gått greitt og eg har fått trena, seier han.

Bjørn Inge Utvik

TØFFE VEKER: I to veker etter beinbrotet måtte Bjørn Inge Utvik halde senga.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Wæhler hjelp

Då Utvik vart skadd hadde Sogndal alt den andre midtstopparen, Christophe Psyché, skadde. Då vart løysinga å hente inn Espen Næss Lund og Kjetil Wæhler. Sistnemnde har landskampar for Norge og var proff i England rundt årtusenskifte, men fekk ingen ligakampar for Wimbledon. Årsaka var skadar, noko Utvik sjølv har hatt mykje av.

– Eg har prata mykje med han og det har hjelpt. Det viser at det går an å få ei god fotballkarriere, trass i at ein har vore ein del skada, seier Utvik.

Det er enno mange veker før han er tilbake på fotballbana, men håpet er å vera tilbake etter fotballpausen i august.

– Eg gler meg til å spela saman med Kjetil (Wæhler), seier han.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser