NRK Meny

Desse endene held hagen fri for brunsniglar

Fortvilar du over brunsniglar i hagen? I Førde har ein familie funne løysinga på problemet.

Moskusender

ELSKAR SNIGLAR: Moskusendene har vist seg å vere svært effektive mot brunsniglane i hagen til familien Skrøppa i Førde.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Hageeigarar mange stader i landet har kvart år ein kamp mot den hata brunsnigelen. Nokre druknar dei, andre klipper dei i to. For brunsnigelen jafsar i seg det han kjem over hagen, til stor frustrasjon for dei som bur der.

Men i Slåttebakkane i Førde er det ein hage som er omtrent tom for sniglar. Familien Skrøppa har nemleg skaffa seg to glupske ender.

– No er det heilt tomt for sniglar, berre unntaksvis det er sniglar her, men då blir dei ikkje så gamle før dei blir tekne, seier Jan Bjarte Skrøppa.

Jan Bjarte Skrøppa

TAMME: Endene til Jan Bjarte Skrøppa er både tamme og heimekjære.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Effektive

Slik var det ikkje då dei flytta inn hausten 2011. Då sommaren kom, fann familien mange sniglar i hagen.

– Eg byrja med å plukke sniglar om kveldane, men forstod at det var fånyttes. Eg måtte tenkje alternativt, fortel han.

Dermed skaffa han seg moskusender, ein rase som eigentleg kjem frå Mexico. Endene blei raskt kjende med hagen og dei blir fort heimekjære. Difor kan dei vandre fritt i hagen.

– Dei er tamme, er glad i folk og er veldig effektive mot sniglar. Eg visste det då eg skaffa meg dei. Det var for å få vekk sniglar frå hagen.

Brunsnegle

BRUNSNIGLAR: Slik ser dei ut og dei forsyner seg i hagane.

Foto: Astrid Engen / NRK

På brunsnigleslang

Jan Bjarte Skrøppa

MÅTTE PÅ SLANG: Jan Bjarte Skrøppa måtte over til naboen for å hente sniglar til endene.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Så langt i år har han berre plukka seks-sju sniglar i hagen sin. Når NRK er på besøk måndag morgon er det ingen brunsniglar i hagen. Difor har Skrøppa vore over til naboen for å hente nokre.

– Eg måtte på snigleslang hos naboen, ler han.

Sniglane blir lagt på bakken, men endene må vere gode og mette. For dei er ikkje veldig interesserte akkurat no.

– Dei er glupske når dei er svoltne nok. Difor er det best å ikkje fore dei for mykje, for då et dei ikkje sniglar. Eg gir dei mat på kvelden, og så er dei klare til å ete om morgonen.

– Kva tykkjer naboane om dei?

– Dei tykkjer endene er artige og har fått lånt dei. Men stort sett går det ikkje mange minutt før dei er tilbake i sin eigen hage. Dei er veldig heimekjære.

– Dei likar seg best her?

– Absolutt, sjølv om det er eit godt matfat hos naboen.

Endene lagar lite lyd og har ikkje den klassiske andekvekkinga. Difor meiner Skrøppa dei eignar seg godt også midt i eit bustadfelt.

– Det verste med dei er skiten, men det er betre enn å ha brunsniglar. Skiten spylar eg berre vekk med hageslangen.

Navnestrid i Sunnfjord
2200 villrein i Nordfjell skal avlivast, men jegerane er ikkje nøgde. 
   
Dab-dekning i tunnelar