Hopp til innhold

Slik held han vatnet unna vegane

Hans Petter Vereide har i 37 år vore tilsett i Eid kommune. Arbeidsoppgåvene desse dagane handlar om å unngå at vatn renn der det ikkje skal.

Hans Petter Vereide jobbar med å halde vatnet unna. Då må snøen skuffast vekk frå stikkrenner og slukar.

ARBEIDSJERN: Hans Petter Vereide kvir seg ikkje på å jobbe lange dagar. Foto: Silje Guddal

Det er meldt store mengder regn i fylket det komande døgnet, og det er fare for tette stikkrenner, slukar og liknande. Dette er Vereide sin jobb, å halde desse opne.

Måndag jobba han frå morgon til sein kveld og i løpet av tysdagen reknar han med å ha fjerna snø frå om lag 50 kummar. For no er det viktig å halde stikkrenner og slukar opne så vatnet får renne gjennom.

– Dei må gravast fram så vatnet renn ned der det skal og det ikkje dannar seg store søyler og dammar, for det irriterer folk, seier Vereide.

Her kan du sjå eit glimt av korleis ein av kvardagsheltane våre jobbar.