Hopp til innhold

Slik held Eivind følgje med dei aller raskaste

BYRKJELO (NRK): Eivind Reed var på rett plass til rett tid. Derfor klarer han å halde følgje med Europas raskaste menn under NM på Byrkjelo.

Eivind Reed

EIN UVANLEG JOBB: På ein trehjuls elmoped har Eivind Reed halde følgje med løparane under NM i friidrett på Byrkjelo.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er kjempegod stemning, så dette er berre kjekt, gliser Eivind Reed.

Veterinæren frå Byrkjelo har hatt ei oppgåve utanom det vanlege under NM i friidrett på Byrkjelo stadion. Jobben hans har vore å halde følgje med løparar som Jakob Ingebrigtsen for å ta gode tv-bilete. At akkurat han fekk den noko uvanlege jobben, er litt tilfeldig.

– Eg var på rett plass til rett tid då jobben var ledig, seier han.

Køyrer mange mil

På ein trehjuls elmoped følgjer han løparane rundt bana på distansane over 800 meter. Bakpå har han eit fjernstyrt kamera som blir styrt frå kontrollrommet. Det blir nokre 400-metersrundar gjennom meisterskapen.

Eivind Reed

LITT TILFELDIG: – Eg var på rett plass til rett tid då jobben var ledig, seier Eivind Reed.- Det er kjempegod stemning her, trass i vêret.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– I dag har eg køyrt to og ei halv mil. Totalt blir det vel seks, sju åtte mil, seier han.

El-mopeden han sit på held ein fart på kring 40 kilometer i timen.
– Eg klarer å halde følgje med løparane, men på 1500 meter og 800 meter går det fort nok for ein moped, seier Reed.

– Du blir ikkje svimmel?

– Nei, det går bra, ler han.

– Mykje å passe på

Å ikkje treffe folk der han køyrer rundt og rundt, er ein viktig del av jobben.

– Det er mykje å passe på. Det er ein del folk som går på indre bane, om det er lengdehopparar eller løparar. Det er om å gjere å få dei bileta vi skal ha utan at det går utover tryggleiken.

Episoden der løparen Usain Bolt blei påkøyrt av ein tv-fotograf på Segway under OL i Bejing, er velkjent.
– Det er klart at ein skal prøve å unngå å komme i slike situasjonar. Ein må prøve å ha marginane litt på si side, seier Reed.

– Kva gjer du for å unngå å kome for nær?

– Vi har varsellys i front av mopeden som lett å sjå for dei som er på bana. Så gjeld det å prøve halde oversikt så ein har god avstand til folk. Det er ikkje alle som ser at ein kjem, seier han.

Held igjen

Det er også viktig å passe på å ikkje kome i mål før utøvarane.

– Siste runden held eg att så det ikkje er eg som blir fotografert av målfoto, seier Reed.

– Du har ikkje kome først over målstreken?

– Nei eg har klart å halde meg unna, så vinnarane har fått vinne.

Mange er i sving på Byrkjelo for å få meisterskapen til å gå rundt. Reed synest han har fått ei av dei betre oppgåvene.

– Eg trur definitivt eg har den kjekkaste jobben, seier Eivind Reed.