Hopp til innhold

Slik heidra lastebilsjåførar i heile Norden Thea (19)

Lastebilar over heile Norden stoppa eit kvarter fredag for å heidre Thea Øvrebotten (19), som omkom i ei lastebilulykke på fylkesveg 55 for ti dagar sidan. I Førde køyrde over 20 lastebilar i kortesje for å følgje Thea til siste kvile.

Øvrebotten vart gravlagd frå Førde kyrkje klokka 13. I samband med dette oppmoda mange transportørar og aktørar i transportnæringa sine sjåførar og medlemmer om å stoppe der dei var, i eit kvarter, for å minnast Thea.

Vel 4000 medlemmer i Norges Lasstebileier-Forbund fekk, ifølgje bt.no SMS med oppmoding om å delta.

Alle vart oppmoda om å leggje inn bilete på sida "Stopp til minne om Thea", og her var det lagt ut langt over 100 bilete frå lastebilsjåførar både i Norge og i Sverige, som hadde stoppa eit kvarter til minne om Thea. Sida har passert 7000 likes.

I Førde samla mellom 20 og 30 lastebilar seg til kortesje frå Utstillingsplassen til gravplassen Blomereina, for å følgje Thea til siste kvile.

(Artikkelen held fram under biletet).

Tenker sjølv på farane

Joar Aven

TENKER SJØLV PÅ RISIKOEN: Joar Aven var mellom sjåførane som stansa i 15 minutt for å minnast Thea Øvrebotten.

Foto: Stian Sjursen Takle / NRK

Mellom dei som stansa bilen i 15 minutt var Joar Aven, som er sjåfør i Transferd. Han synest dette var ein grei måte å minnast ein kollega på.

– No var ikkje eg blant dei som kjende ho best, men det er likevel tragisk, og på denne måten kan eg og ta del i det.

Han meiner det er naturleg at aksjonen har fått så stort omfang.

– Vi er ikkje noko stort fylke, vi har utfordrande vegar. Av og til skjer slike ting, det er tragisk, det skal eigentleg ikkje skje, men det skjer likevel, og då er folk bevisste på det.

– Tenker du sjølv på farane i din eigen kvardag?

– Ja, absoutt. Uansett kvar du er kan du vere den uheldige. Det er noko alle bør tenke på når dei startar arbeidsdagen. Ting kan skje.

– Kva tenker du om at dette no ser ut til å ha blitt ei nasjonal sak, bilar over heile landet har stansa?

– Det synest eg er kjempeflott. Det er ikkje alltid det kjem fram i lyset når det skjer tragiske ting i vårt vesle fylke, seier Joar Aven, som ville nytte dette kvarteret i bilen til å tenke på dei som er meir råka enn meg sjølv.

Treivst godt i jobben

Thea Øvrebotten jobba som sjåførlærling hjå transportfirmaet Hoff & Knutson då ulykka skjedde. Øvrebotten hadde drøymt om å bli vogntogsjåfør heilt sidan ho var liten, og skal ha trivest svært godt i jobben som sjåfør.

Kollega av Øvrebotten i Hoff & Knutson Transport AS, Wanja Halsør, har teke initiativ til punktmarkeringa som startar klokka 13. Ho seier til BT at ho er glad over responsen.

– Eg anar ikkje kor mange som vert med, men eg veit at det blir mange. Det har vore stor respons, seier Halsør til BT.

Minnest

MINNEST THEA: Thea Øvrebotten (19) omkom då lastebilen ho køyrde, hamna i Sognefjorden etter å ha køyrt utfor vegen. Øvrebotten vart gravlagd frå Førde kyrkje klokka 13. I samband med dette har mange lastebilfirma oppmoda sine tilsette om å stå i ro langs vegen mellom klokka 13 og 13.15.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK