Hopp til innhold

Hilde (30) avslutta karrieren med stil - med baby i magen

FØRDE (NRK): Mottakinga Førde volleyballklubb sine cupfinaleheltar fekk, vart av det spesielle slaget for Hilde Elvebakk Hjelmeland.

Førde volleyballklubb sine doble cupfinaleheltar fekk ein varm velkomst ved Førdehuset.

SJÅ VIDEO: Førde volleyballklubb sine doble cupfinaleheltar fekk ein varm velkomst ved Førdehuset. (FOTO: ODDLEIF LØSET/NRK)

Gravid i 22. veke vart cupfinalen mot Randaberg truleg naustedølen sin siste kamp i Førde-drakta.

Framover har ho bestemt seg for å prioritere heilt andre ting.

Førde volleyball sine damer vann cupfinalen

TOK TIL TÅRENE: Hilde Elvebakk Hjelmeland (t.h.) tok til tårene då Kongepokalen var sikra i Ekeberghallen laurdag.

Foto: Ole Kristian Førde / NRK

– Eg skal ha baby i mai, så no fekk eg akkurat med meg cupfinalen. Eit verdig punktum, på ei relativt lang volleyballkarriere, smiler Hilde Elvebakk Hjelmeland medan ordførar Olve Grotle ynskjer spelarane og dei frammøtte velkommen til markeringa i Førdehuset.

– Nervepirrande

Velkomstkomite

VELKOMST: Ikkje veldig mange hadde møtt opp, men stemninga var god medan velkomstkomiteen venta på cupfinaleheltane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Hjelmeland har gjennom fleire sesongar peika seg ut som ein eksepsjonell poengsankar for klubbane ho har representert. Siste to sesongane har damelaget til Førde nytt godt av den rutinerte kantspelaren.

Siste to åra har det blitt to NM-titlar. Når dei jaktar serietittel i år, blir det utan 30-åringen.

– Cupfinalen vart siste kampen min, men eg ynskjer å hjelpe til om det trengst på andre område, smiler ho.

– Korleis var det å spele cupfinalen gravid?

– Det var litt nervepirrande. Eg var redd for magen, men fysisk kjenner eg meg i grei form. Og ekstra emosjonell. Det var veldig rørande å ta sigeren.

Skulle sett fleire

Cupfinaleheltane vart møtt av ein fakkelallé utanfor Førdehuset. Ei av dei som tok turen, var Elin Nummedal. Ho tok endå med seg eit norsk flagg.

– Eg skulle veldig gjerne vore i Oslo, men no får eg vere med å feire dei fantastiske spelarane, gliser ho på veg ned for å ynskje spelarane velkomne heim.

Velkomstkomite

VELKOMST: Ikkje veldig mange hadde møtt opp, men stemninga var god medan velkomstkomiteen venta på cupfinaleheltane.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Som studieleiar ved Høgskulen har ho sju av spelarane som studentar. Ho har blitt biten av volleyballbasillen. Ho skulle helst sett at langt fleire møtte opp for å heidre cupmeistrane.

Fakkelalleen i 2007, då Førde vann cupfinalen for første gang, var langt større.

– Eg er overraska over at ikkje fleire forstår kor flott dette er for Førde og laget. Vi skal vere stolte over det som skjer og gle oss over dei som presterer og skaper underhaldning, seier ho og lovar ny markering på Høgskulen måndag.

Gav 30.000 kroner

Kaptein på herrelaget, Mathias Loftesnes, tykte mottakinga var like kjekk i år som i 2016.

– Etter ein lang busstur frå Oslo, så er det godt å komme tilbake til levande lys og fine ord frå ordføraren. Det spissar heile helga, seier han.

Ordførar Olve Grotle

TENDE: Ordførar Olve Grotle (t.h) og rådmann Ole John Østenstad var mellom dei som stilte frå Førde kommune.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Om ikkje i ordets rette forstand, så vifta ordførar Olve Grotle (H) med tusenlappane inne på Førdehuset. Kommunen gir volleyballgruppa 30.000 kroner.

– Vi lurte på å fordele pengane på herre- og damelaget, og sidan damekampen var litt meir spennande enn herrane, så vurderte vi å gi damene 20.000 og herrane 10.000. Det kunne vi ikkje gjere, humra han frå scena.

Førde Volleyballklubb

KJEKT: Både dame- og herrelaget vart heidra i Førdehuset. – Det er dette vi trenar for heile året. Det er endå kjekkare at vi lukkast saman, seier kaptein for herrelaget Mathias Loftesnes.

Foto: Oddleif Løset / NRK