Hopp til innhold

Slik vart han han heidra etter 50 år med frivillig arbeid

Asbjørn Steen frå Førde har i 50 år stilt opp med frivillig arbeid av ymse slag. I går fekk vart han sett litt ekstra pris på for nettopp det. Men sjølv visste han ingenting.

Asbjørn Steen

TAKKSAM: Asbjørn Steen har 50 år bak seg med frivillig arbeid i Røde Kors. Han tykkjer han har fått mykje tilbake.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Eg har berre fått beskjed om å møte opp her ved Elkjøp, seier Steen.
Men han skjønte det var noko i gjere då han såg kor mange som hadde møtt opp.

Berre i Sogn og Fjordane var det i fjor 3000 personar som brukte av si fritid til for å hjelpe andre.

– Steen går no av som leiar av Førde Røde Kors. Han har lagt ned ein veldig stor innsats over mange år, og han har også drive litt utradisjonelt i Røde Kors-samanheng, seier kommunikasjonsansvarleg i Sogn og Fjordane Røde Kors, Henning Hellebust.

Har teke ansvar og stått på

Han peikar på at Steen har hatt eit samarbeid med Coop der dei til jul har gjeve korger med mat til folk som ikkje har god økonomi.

– Han er eit godt bilete på frivillig arbeid. Han tek ansvar og står på, seier Hellebust.

Steen fekk overrekt ein DAB-radio for innsatsen i Røde Kors, noko han sette pris på.

– Den kjem heilt sikkert godt til nytte på hytta vår på Langeland, seier Steen, som sette pris på overraskinga.

Men kva er det som har gjort at han har brukt fritida si i 50 år på andre menneske?

– Ein får iallfall veldig mykje att sjølv. Eg treffer mykje folk i mange situasjonar, og eg trur vi er for lite flinke til å stoppe opp når vi treffer nokon. I dag hastar ein berre forbi. Ein har ikkje tid til å nikke, stoppe opp eller treffe kaffi. Det trur eg mange har behov for, seier Steen.

Merkar tilgang på nye frivillige

Førde Røde Kors har drive frivillig arbeid i 90 år, og Steen trur ikkje det vert problem å rekruttere nye til innsats.

– Vi har merka ein tilgang på nye frivillige. Og det er ikkje berre eldre. Mange trur at det berre er pensjonistar som jobbar i Røde Kors, men vi har opplevd at også unge folk tek kontakt og spør om dei kan få vere med og hjelpe, seier Steen.

Henning Hellebust

VIKTIG: Kommunikasjonsansvarleg i Sogn og Fjordane Røde Kors, Henning Hellebust, understrekar at det er viktige at dei som jobbar frivillig også får noko tilbake.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

Hellebust peikar på at det er viktig å heidre dei frivillige, som faktisk gjer ein svært viktig jobb i Norge, kvar einaste dag.

– Dei gir og dei gir, kvar veke, heile året, til forskjellige grupper som treng det. Det kan vere besøkstenesta, hjelpekorpset, ungdom som har aktivitetar og liknande. Av og til må vi prøve å gje litt tilbake, seier Hellebust.

Han peikar på at utan dei frivillige, ville ikkje Røde Kors eksistert.

– Det er dei frivillige som er Røde Kors, og det er dei som gjer den humanitære innsatsen, seier Hellebust.