Hopp til innhold

Slik harselerer politiet med den nye våpeninstruksen

Ein banan er hovudpersonen i ein biletserie der politibetjentane ved Førde og Naustdal lensmannskontor går til eit humoristisk åtak på «avvæpningsinstruksen» til regjeringa.

Banan og våpen
Foto: Åmund Breivik

– No er det ikkje veldig realistisk at folk skal stappe inn ein banan i våpenet. Det er for vise at kvar ein gjenstand som finn vegen inn, gjer at våpenet blir ubrukeleg. Det blir veldig sårbart om vi skal følgje den nye ordren, seier politibetjent Åmund Breivik ved Førde og Naustdal lensmannskontor.

Det var politiforum.no som først skreiv om stuntet den frustrerte politibetjenten.

I november i fjor fekk politiet i Norge løyve til å bere våpen i fire veker. Årsaka var at PST kom med ei ny og skjerpa vurdering av terrortrusselen, som trekkjer fram politifolk og militære som moglege mål. Løyvet har sidan blitt forlenga fleire gonger, sist førre onsdag, men då med ei vesentleg endring.

Magasin og våpen skal no oppbevarast separat, slik at våpena må ladast før politiet kan løyse skot.

Fryktar våpenet ikkje vil fungere

Politibetjent Åmund Breivik meiner den nye ordninga ikkje er ein god idé. Noko han også har skrive om i eit lesarinnlegg på Politiforum.no.

– Det er fleire problem med dette. Om ein ikkje har magasin i våpenet, er det ei opning som går rett inn i mekanismen. Skit og lort kan komme inn og gjere til at våpenet ikkje fungerer den dagen vi treng det, seier han.

– Kan det oppstå farlege situasjonar?

– Eg har sjølv opplevd dette på skytebana ein gong. Vi tørrtrena utan magasin og det kom grus inni våpenet til sidemannen. Han sette i magasinet, men fekk ikkje lade. Det viste seg at det var ein liten stein på eit par millimeter som hadde funne vegen inni mekanismen. Kan det skje på skytebanen, kan det også skje i ein skarp situasjon, seier han.

Vil heller ha halvladd våpen

Målgruppa for lesarbrevet er både polititilsette og dei i leiinga som har fatta avgjerda.

– Det blir veldig sårbart om vi skal følgje den nye ordren.

Bakgrunnen for at politiet ikkje lenger skal få ha skarpladde våpen, er fleire episodar der det har gått av vådeskot.

– Men å fjerne magasinet er ikkje einaste måten å forhindre dette på. Vi kunne gått med halvladde våpen. Då vil magasinet vere på plass, men det vil krevje eit ladegrep for å kunne skyte. Det vil vere ein sikrare måte å bere våpen på, utan at det er beste løysinga, seier han.