Hopp til innhold

Slik har Skåla Opp blitt merkevare

Motbakkeløpet Skåla Opp har blitt ei knallsterk merkevare for Nordfjord og Loen. Det verdskjende løpet fyller ti år når startskotet går i morgon.

Skåla opp

FYLLER TI ÅR: Når Skåla Opp går av stabelen laurdag er det for tiande gong.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Verdsmeisteren i motbakkeløp og om lag 2000 andre vil laurdag stille til start på det som er rekna som eit av symbola på motbakkeløp i Norge.

For dei 800 konkurranseløparane er det om å gjere å kome seg raskast mogleg til toppen, men for 101 år gamle Ivar Dårflot handlar fjellturen opp til Skåla om så mykje meir.

- Slik det er blitt no går nesten folk altfor fort opp dit. Dei har ikkje tid til å nyte naturen, seier Dårflot.

Vert større enn nokon gong

Skåla ligg 1848 meter over havet og er rekna som den høgaste fjelltoppen i Norge som har foten sin i sjøen. Når løpet går av stabelen laurdag ser det ut til at det skal bli større enn nokon gong.

Eliteløparar frå heile verda er med, men den kjende fjelltoppen dreg også tusenvis av turistar heile året.

Det er blant tinga som har gjort motbakkeløpet til ei merkevare med store ringverknadar for Loen og området rundt.

– Vi ville berre ha ei bestetid

Det heile starta ganske så enkelt, fortel direktør ved Alexandre Hotel, Richard Grov som i si tid var ein av initiativtakarane.

- Alle snakka om dei gode tidene folk gjekk opp på Skåla på, og vi var fascinerte av tanken på å få ei offisiell bestetid, fortel Grov.

Han seier dei lenge ikkje visste korleis dei skulle gjere noko meir med dette, men at motbakkemisjonæren Christian Prestegård plutseleg spratt opp av ei øskje.

- Han meinte vi skulle arrangere eit løp opp på Skåla. Er det så enkelt, spurte vi då. Ja, meinte han og resten er historie, seier Grov.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ivar Dårflot

VETERAN: Ivar Dårflot har vore på Skåla så mange gonger at han ikkje huskar talet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Skulle kurere tuberkolose

Det er gått 120 år sidan Hans Henrik Gerhard Kloumann i Innvik fekk bygd steintårnet på toppen av Skåla. Meininga var at fjellufta skulle kurere tuberkulose, men ettertida har vist at tårnet har fått ei anna betyding for folkehelsa enn det ein trudde på 1800-tallet.

Årleg går no 10000 til toppen av Skåla, og løpet opp har fått ein heilt eigen status. Då Skåla Opp starta for 10 år tilbake var det berre fem motbakkeløp her i landet, no er talet 150. Og det er rekna med at nesten 40000 deltek i motbakkeløp i Norge.

- Hadde de trudd at dette kom til bli så stort?

- Ja, det er klart vi hadde, seier hotelldirektøren lattermild.

- Ingenting kan måle seg med dette

Christian Prestegård er rekna som motbakkemisjonæren framfor nokon og var med å starte løpet. Han står utanfor hotellet og ser mot toppen av Skåla. Han let seg stadig imponere over fjellet.

- Det er ingenting som kan måle seg med ein praktfull dag på Skåla. Då ser ein alt som heile verda forbinder med Norge, seier Prestegård til NRK.no.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Video Trapp til fjells

- Mosjonistane er heltane

Når løpet feirar ti år vert det truleg med om lag 2000 deltakarar på start. 800 av dei spring på tid, medan 1200 er vanlege mosjonistar. Prestegård er sikker i si sak, alle som går til toppen denne dagen er vinnarar.

- Dei som går opp først, mosjonistane, det er dei som er dagens vinnarar. Dei er dagens kongar og dronningar fordi det er dei som lager stemninga og showet., seier Prestegård og legg til:

- Dei lagar eit show som verdas beste løparar spring rundt i heile verda og fortel om. Det er difor Skåla opp er blitt eit unikt førebilete for motbakkeløp verda over.

Har fått eiga bok

No har også Skåla fått si eiga bok om folket og fjellet. Journalistane Inge Fænn og Stig Roger Eide lanserte boka i går som tek føre seg både historia, naturen, enkelthistorier og løpet som går kvart år.

Til å hjelpe seg har dei hatt 101 år gamle Ivar Dårflot som sit på eit enormt biletmateriale. Dårflot har vore på fjellet så mange gonger at han ikkje har tal på det, og har opplevd både dramatikk og moro.

Fjellet har blitt sett på som ei manndomsprøve, men har også dei seinaste åra blitt avmystifisert og no er det ei kjent sak at så lenge ein er frisk og rask så kjem ein seg til topps.

Rett frå fest og opp på Skåla

Ivar Dårflot hugsar sjølv ein gong ein kamerat skulle vere med på Skåla, problemet var berre at kameraten også hadde lova å vere med på fest på Nordfjordeid.

Kameraten bestemte seg for å reise på festen på Eid med bil, kom heim til Loen om natta og gjekk like godt rett opp på Skåla. Rett nok måtte han sove litt på vegen opp, men opp til tårnet kom han.

- Det var no forståeleg det. For det å ta seg ein fest og gå heilt opp utan å sove, det hadde vore litt drygt, seier veteranen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Jonathan Wyatt, saman med kona og deltakar Antonella Confortola Wyatt.

REKORD: Jonathan Wyatt frå New Zealand er ein av favorittane til å vinne, også i år.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

- Dei spring for fort

Men løpet i morgon handlar også om knallhard konkurranseidrett. Jonathan Wyatt frå New Zealand er seks gonger verdsmeister i motbakkeløp, og er også rekordhaldaren etter at traseen opp til Skåla vart rusta opp.

- Eg føler forma vert stadig betre, seier Wyatt dagen før dagen.

Men for Ivar Dårflot handlar ikkje turen opp til Skåla Opp om fart åleine. Han synst nemleg Wyatt og dei andre konkurranseløparane har litt for mykje fart på seg.

- Dei får ikkje nyte naturen.

- Berre stress, med andre ord?

- Ja, seier 101-åringen.