Hopp til innhold

For Ida (29) har matkunsten blitt levebrød

2013 blir eit år Ida Skivenes (29) frå Hyllestad seint vil gløyme. Det som starta som ein hobby har blitt til noko ho kan leve av – matkunsten hennar har ivrige fans verda rundt.

Ida Skivenes kan no nesten leve av matkunsten sin

KAN NESTEN LEVE AV MATEN: Ida Skivenes kan no nesten leve av matkunsten sin økonomisk.

Foto: Privat/Ida Skivenes

– No har eg over 187.000 følgjarar på Instagram, og det er litt av eit publikum, seier 29-åringen oppglødd.

For i kommentarane sine legg ikkje følgjarane skjul på at dei er over seg av begeistring for bileta som Idafrosk legg ut. Over heile verda let folk seg freiste av matkunsten til Idafrosk på biletetenesta Instagram.

– Det er framleis litt sjokkarta, men også veldig morosamt at eg har fått så mange følgjarar, seier Skivenes.

PS: Nedst i saka får du oppskrifta til to spesielle julefrukostar.

Trur ikkje ho går tom for idear

Foodart, eller matkunst på norsk, er ikkje noko nytt fenomen. Spesielt i USA og Japan er det mange som brukar tid på dette. Sommaren 2012 fanga også Ida Skivenes interesse for matkunst, og sidan har hobbyen hennar prega meir og meir av livet hennar.

Kvar morgon brukar ho litt meir tid enn folk flest på å dandere eit lite kunstverk av frukosten sin. Det kan vere alt frå dyr og fuglar i forskjellige settingar, kjente bygg, kunstverk, ja faktisk er det berre hennar eigen fantasi som set ein stoppar for kva ho kan finne på.

– Det er litt vanskeleg å forklare korleis ein er kreativ, men det er viktig å vere open for alt.

– Eg må jobbe litt meir med ideane no enn eg gjorde i starten, og eg har fleire ulike inspirasjonskjelder. Det kan vere til dømes teikneseriar, film og kunst, men også dei heilt vanlege tinga frå kvardagen som korleis vêret er eller slike ting, fortel Skivenes.

Ida Skivenes lagar kunst av mat

COTTAGE SHEEP: Legg to klattar med cottage cheese midt på eit fat. Del ei raud drue i to som ansikt, og bruk strimlar til bein, øyre og augepupill. Legg bitte litt cottage cheese som det kvite i auget, og legg den vesle druebiten oppå. Skjær ein kiwi på tvers, og legg nedst som gras. Del opp ein klementin i båtar og legg som fjell på toppen.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

Vil inspirere andre

Då NRK snakka med 29-åringen i starten av januar i fjor hadde ho 35.000 følgjarar på biletetenesta Instagram. No har talet vakse til 187.000 verda over. At det skulle bli så populært å følgje med på kreativiteten hennar hadde ho sjølv aldri trudd.

– Det var heilt umogleg for meg å vite kor populært dette skulle bli. Eg starta for moro skuld, og når ting blir populært på nett er det aldri godt å vite kor langt det går, seier ho med eit smil.

Dei aller fleste tilbakemeldingane ho får på matkunsten sin er positive. Men nokre spør ho kvifor ho gidd bruke tid på noko slikt.

– Då svarar eg for det første at det ikkje treng å ta så mykje tid, og at eg synst det er verdt det.

Ida Skivenes - eitt av hennar mest like bilete på Instagram

17.000 LIKES: Dette er eitt av Idafrosk sine mest like bilete på Instagram.

Foto: Ida Skivenes

– Kanskje tenkjer ein litt meir over korleis ein lagar til måltida, og eg opplever at eg kan spreie litt ekstra glede rundt eit måltid med dette. Eg håpar eg kan inspirere andre, seier ho til NRK.no.

– Kvifor trur du dette med matkunst er så populært?

– Det er noko alle kan relatere seg til, alle må jo ete. Det er noko kjent, samtidig som er presenterer maten på ein litt spesiell måte.

Fem faste spalter og eiga bok

Ida Skivenes

EIGA BOK: Ida Skivenes si bok 'Leik med maten' kjem neste år ut i fem nye land.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

Med snart 1000 bilete av fantastiske og fantasifulle kreasjonar er det nok mange som blir inspirerte av det Skivenes lagar til. Og at folk likar det ho lagar har også gitt seg utslag i fleire faste spalter i magasin, og ei eiga bok.

– Det har skjedd ganske mykje i løpet av dette året. Eg har ikkje berre ein spalte i VG, men også i bladet Foreldre og barn, og i det litterære magasinet Bokvennen. I tillegg kjem eit dansk magasin og eit magasin i Tyskland, fortel Skivenes stolt.

Boka hennar «Leik med maten» er gitt ut på både norsk og engelsk og oppdraga har stått i kø.

– Det har vore heilt fantastisk å få gje ut bok. Og i tillegg har det vore mange oppdrag, mellom anna reklameoppdrag, og eg har vore på festivalar og eg har halde kurs… Så det er heilt utruleg alt eg har fått lov å vere med på, seier ho stolt.

Neste år blir boka gitt ut i fem land på ulike språk.

– Den er selt til Tyskland, Frankrike, Nederland, Belgia og Russland.

– Korleis kjennest det å ha så stor suksess med matkunsten?

– Det er litt rart, men eg er veldig glad for suksessen eg har fått. Det er ikkje alle som får sjansen til å gjere det ein har som hobby om til ein jobb.

(Artikkelen held fram under biletet)

Ida Skivenes lagar kunst av frukosten sin

LUE OG VOTTAR: Bak bollar sjølv eller skjær til brødskiver slik at dei ser ut som vottar. Legg på godt med raudt syltetøy og dekorer med yoghurt i sprøyteflaske/pose. Skjær av ei skive appelsin eller grapefrukt så det ser ut som ei lue og legg eit blåbær på toppen.

Foto: Ida Skivenes/www.idafrosk.com

– Eg blir ikkje rik av det

Skivenes er utdanna samfunnsvitar og har jobba ved Statistisk sentralbyrå, men no har ho teke permisjon frå arbeidet der. I 2014 håpar ho at ho mellom anna skal få utvikle bloggen sin litt meir.

– No har eg flytta til Berlin og teke meg eitt års permisjon for å jobbe eine og åleine med matprosjekta mine.

– Er dette noko du kan leve av?

– Eg blir nok ikkje millionær av det, men eg har litt faste inntekter frå spaltene, og i tillegg gjer eg jo ein del andre oppdrag. Og så er det litt billegare å leve i Berlin enn i Norge.

– Så slik sett er det mogleg å overleve av dette, men eg blir ikkje kjemperik. For meg er det fantastisk morosamt å kunne halde på med eit slikt prosjekt, og så lenge eg greier meg noko lunde vil eg satse på det, iallfall for ein periode, seier Skivenes.

(Artikkelen held fram under)

Julefrukost ala Ida Skivenes

JULEFRUKOST: Kva med å prøve seg på eit julereinsdyr eller ei julegåve ala Ida Skivenes?

Foto: Ida Skivenes

Julefrukost ala Ida Skivenes

Og om du er lei brødskiver med sylteflesk eller eggerøre, får du her instruksjonar til korleis å lage ein litt annleis julefrukost.

Du kan anten prøve deg på ei julegåve ala Ida Skivenes, eller eit julereinsdyr:

Julegåver: Du treng: brødskive, kremost med kokos eller vanleg kvitost, granateplefrø eller raud paprika, eplebitar, mandlar og klementinar.

Gjer slik: Smør ei brødskive med ynskja pålegg. Plasser granateplefrø eller paprikabitar på som eit gåveband. Skjær til bitar av eple som små gåver og dekorer med mandlar. Legg på klementinar og strø med kokossnø.

Julereinsdyr: Du treng: havregraut, jordbær og tørka blåbær eller rosiner.

Gjer slik: Kok ein tjukk havregraut. Legg den i ei stor skål eller tallerken og form forsiktig til ein trekant med to utstikkande øyre. Plasser eit jordbær som nase og skjær til øyrebitar og horn. Ha på auga.