Hopp til innhold

Slik har du neppe sett ordføraren før

Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim hadde aldri stått på telemark-ski før. Det hindra han ikkje i å rappe sigeren framfor Vang-ordførar Vidar Eltun i telemark-duell.

I svevet

SATSA: - Vi fekk nok ikkje så mykje poeng på stil, men burde hatt nokre ekstra for innsats, seier Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim, her i svevet på hoppet.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Eg var så nervøs at du vil mest ikkje tru det, seier Solheim.

Grunnen til at dei to ordførarane, frå kvar si side av Filefjell, møttest til slik ein dyst, var sesongavslutninga til Vang IL Alpint. Lærdal og Vang har felles idrettslag i alpint, og eit lyst hovud i styret meinte ein ordførarduell ville vere midt i blinken for å opne arrangementet laurdag.

Og Solheim sa ja på flekken, trass i at han aldri hadde sett sine bein på eit par telemarksski før.

– Nei, du kan vel trygt seie at pulsen var høg på oss begge før start. Eg kjende at eg levde, for å seie det slik, ler Solheim.

Eit prestisje-oppgjer

Løypa var stukken for eliten i telemarkskøyring, så altså ingen snillisme i løypestikkinga for ordførarane.

– Det var krevjande, men vi gav alt. Det stod mykje prestisje på spel, seier Vang-ordførar Vidar Eltun.

Sjølv meiner han det må minst vere 25 år sidan sist han stod telemark, den gongen i godt, gammaldags utstyr. I dag fekk ordførarane utstyr av siste sort.

Løypa var tredelt med ein bratt del i starten, der det også var eit hopp, før utøvarane skulle stake og skøyte ein runde på slutten.

– Men det var krevjande. Eg kjenner det godt i beina, seier Solheim, som sneik seg først over målstreken.

Nøgde

KJEKT: F.v. Jan Geir Solheim (ordførar i Lærdal), Tone Waagbø Hille (leiar Vang IL alpin) og Vidar Eltun (ordførar i Vang).

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

Kjøpte seg nye ski

Vang-ordførar Eltun meiner derimot at ordførar-kollegaen juksa i innspurten.

– Han burde ha køyrt ei like stor sløyfe som eg på slutten. Men eg trur speakeren sa det vart uavgjort til slutt, ler Eltun.

– Er det starten på ei ny kommunesamanslåing vi ser her?

– Nei, det trur eg ikkje, sjølv om vi tulla mykje med det før start. Men Lærdal og Vang har god kontakt og det skal vi også ha framover. Sidan vi er i kvart vårt fylke, blir det mindre samarbeid enn vi kanskje kunne hatt elles, seier Solheim.

Trass i ei skrekkblanda oppleving i løypa, var han så nøgd at han no har bestemt seg for å gjere meir av telemarkskøyring.

Duell

SNARVEG: Vang-ordførar Vidar Eltun leiar ei stund duellen, men Lærdal-ordførar Jan Geir Solheim kom sterkt på slutten.

Foto: Jan Christian Jerving / NRK

– Eg tykte det var så gøy at eg like godt kjøpte det utstyret eg fekk bruke i dag. For dette vi eg gjere meir av, seier Solheim.

Leiar for Vang IL Alpin, Tone Waagbø Hille, er nøgd både med innsatsen til ordførarane og til dei 46 telemarkskøyrarane som stilte til normal start i norgescupen på Filefjell.

– Vi har hatt eit flott arrangement. I morgon er det fjelltelemark frå toppen av fjellet og ned. Vi har stor tru på at det vert bra, seier Hille.