Hopp til innhold

Nei, dette er korkje Dresden, Stuttgart eller Berlin...

I Europa er julemarknadar ein årleg tradisjon. No har også indresogningane kasta seg på trenden. Og for å få skikkeleg lyssetjing, har dei kontakta ekspertise i utlandet.

Julestemning på Lærdalsøyri
Foto: Odd Helge Brugrand

– Vi er jo vane til julemarknadar både i Tyskland og Aust-Europa. No meinte vi turen var kommen til Lærdal, seier Odd Helge Brugrand, som har hatt ansvar for lyssetjinga.

Lærdalsmarknaden, som har både vår- og haustmarknad, har lenge hatt ein draum om å utvide til å også ha ein julemarknad. Og i år, same år som den gamle Lærdalsøyri var eit hårsbreidd frå å forsvinne i storbrannen i januar, slo lærdølene på stortromma.

Var på studietur til Tyskland

Men dei var klare på at skulle dei ha julemarknad, skulle det gjerast skikkeleg. Og kva var då meir naturleg enn å gjere forarbeid på stadar der ein har lang røynsle?

– Arbeidsgruppa var på studietur både til Dresden og Berlin. Eg tok sidan kontakt med eit lysdekorfirma som gjer denne jobben i Tallin og Riga, seier Brugrand.

Firmaet i Aust-Europa fekk tilsendt bilete av bygningane på Lærdalsøyri, samt flyfoto over området, for å ha eit best mogleg overblikk over kva dei hadde å jobbe med.

– Saman har vi funne fram til kva som passar her på Lærdalsøyri. Alt er skreddarsydd til oss, seier Brugrand.

Han er svært nøgd med resultatet, og trur ikkje det finst maken i heile Norge.

– Nei, dette trur eg ikkje er synt i Norge før. Vi har jo ikkje så mykje tradisjon for julemarknadar her, seier Brugrand.

Over 100.000 lyspærer har gått med

Totalt har det gått med 250 meter lys, og vel 100.000 lyspærer skin for harde livet på Lærdalsøyri.

– Vi har dekorert to gateløp fordelt på fem bygningskompleks, seier Brugrand.

Han tippar prisen ville lege på mellom 80.000 og 90.000 kroner, dersom utstyret var kjøpt i Norge.

– Men vi har kjøpt det frå utanlandske firma, så summen er på langt nær så høg. Men kor høg, har eg ikkje lov til å seie, seier Brugrand.

Ein draum som vert oppfylt

Lyssetjingsutstyret er sett på som ei eingongsinvestering, og tenkt brukt på det som no kjem til å bli ein årleg julemarknad.

– Vi har drøymt om å vidareføre marknadstradisjonen til jula, så dette er ein draum som går i oppfylling, seier Brugrand.

Han legg til at det er ekstra spesielt at dette skjer i eit år der Lærdal har hatt tøffe utfordringar.

– Det er klart det er spesielt å ha det same år som vi nesten mista Lærdalsøyri i storbrannen. No set vi nok ekstra pris på det vi har her, seier Brugrand.

Julemarknaden på Lærdalsøyri starta laurdag og held fram søndag.

– Besøket har vore enormt. Det var stappfullt med folk allereie eit kvarter etter opninga, seier Brugrand nøgd.