NRK Meny
Normal

Slik har du aldri før sett Florø-trenaren: – Eg trivst best i treningsklede

Onsdag var Florø-trenar Terje Rognsø gjest i kongens 80-årsdag på Operahuset, men smokingen vert ikkje tatt i bruk att med det første.

Trine Lerum Hjellhaug, Terje Rognsø og Jenny Følling i kongens 80-årsmiddag.

STIVPYNTA: Florø-trenar Terje Rognsø (midten) var ein av gjestane frå fylket under kongeparets 80-årsfeiring. Til venstre Lerum-sjef Trine Lerum Hjellhaug og fylkesordførar Jenny Følling (t.h.).

– Det var ei stor oppleving og stor stas å bli invitert, seier Rognsø til NRK.

Rognsø var ein av 270 gjester som var invitert i Operaen av regjeringa for å feire kongeparets 80-årsdag.

Rett tilbake i treningsdressen

Til markeringa måtte Florø-trenaren til innkjøp av smoking, eit antrekk han ikkje vanlegvis går med.

– Eg hadde jo ingen smoking, så det måtte eg skaffa meg. Det gjekk bra det, men no slit eg med å pakka den ned i kofferten. Det er ikkje berre enkelt, seier Rognsø på telefon frå Oslo.

For det er slik ein er vand med å sjå den energiske Florø-trenaren:

Terje Rognsø

TIL DAGLEG: Det er slik folk er vand med å sjå Florø-trenaren, skrikande på sidelinja i treningsdressen.

Foto: TRULS KLEIVEN / NRK

Då NRK snakka med han torsdag morgon pakka han og gjorde seg klar til heimreise til Florø.

– Eg landa klokka 14 og så er det trening klokka 17, seier han.

– Blir du å sjå i smoking på sidelinja i helgas kamp?

– Det blir eg garantert ikkje. Det er rett tilbake i treningsjakka og treningsbuksa. Det er eit antrekk eg trivs godt i, så det er ingen fare for at smokingen kjem på langs sidelinja, seier han lattermildt.

Og onsdag føremiddag, før han sette kursen mot Oslo, fekk han nokre timar der han fekk sett og analysert helgas motstandar Start.

Få fotballtrenarar

På middagen var det alt frå vanlege borgarar, politikarar, kjendisar, kongelege – og ein fotballtrenar frå Florø.

– Det var ein miks av alle mogelege folk. Men det var veldig god mat, gode talar og bra musikk, seier Rognsø.

– Fekk du snakka på nokon i kongefamilien?

– Nei, det vart til at ein snakka mest med dei ein sat på bord med. På mitt bord sat blant anna Jonas Gahr Støre og den britiske ambassadøren, svarar han.

GILGAMESH - Kongen som nekta å døy
"Parkslirekne er ein plagsam vekst".
Detaljane skal finpussast