NRK Meny
Normal

Slik har dei lufta stasbilane gjennom 23 år

Gode gamle, og ikkje minst staselege bilar, har i helga sett sitt preg på Olden. – Vi likar Ford. Uansett modell, seier Norvall Nedrebø.

Norvald Nedrebø på NordVest-treffet i Olden

ÅRVISST: Alden camping i Olden har ei helg i året besøk av svært mange Ford-entusiastar.

Foto: Alf Vidar Snæland

Jølstringen er leiar i ei av 13 underavdlingar av Ford m-klubben.

Norvald Nedrebø

NØGD: Deltakarane har hutra i temperaturar nærare null enn tosifra, men i år kan Norvald Nedrebø konstatere at vêrgudane smilte til NordVest-treffen.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Vi er bilentusiastar, men spesiell kjærleik til Ford m-modellane frå 1952 til 1972, seier Norvall Nedrebø og speidar utover den staselege, fint opplina rekkja, med bilar.

– Ford. Uansett

Entusiastane er samla til sin 23 strake NordVest-treff. Likesinna frå nabofylka har også teke turen. Bilmerkeklubben dei er med i er landets største med sine 550 medlemer. Ford m-klubb vart starta opp i Øystese i Hardanger tilbake i 1984.

Alle har ein felles interesse: dei tyskproduserte bilane i serien 12m, 15m, 17m, 20m og 26m. Så kjem spesialmodellen OSI. Og sjølvsagt Taunus og Granada.

Ford M-treff i Olden

– Vi likar Ford uansett kva modell det er, men ein del folk har Granada som er med i ein gjesteklasse. Vi stengjer ikkje ute nokon. Vi tek med alle, seier Nedrebø.

25 bilar

Blant dei kring 25 bilane finn ein også ein 1964 modell, som Nedrebø fortel går under beteikninga p3.

– Bilen vart laga frå 1961 til 1964, og var den første med gode køyreeigenskapar og romsleg komfort for den årsperioden, seier han.80-tals granada, taunus frå 70-talet.

Det som starta som ei dagssamling i 1992, er i 2015 ei helgesamling. På programmet står mellom anna den årvisse lunsjen i Briksdalen, samt tur til Briksdalsbreen.

– Vi har vore 10-15 bilar i snitt siste åra, men i fjor hadde vi over 20. I år reknar vi med å vere nær 25 bilar, legg Nedrebø til.

Fekk knallvêr

Det er stor interesse for gamle køyretøy. Ikkje berre Ford, men også andre bilar og motorsyklar.

– Det er rein hobby. Ein kjøper deler, sel deler, samlar deler, restaurerer, sveisar og lakkar for å få det pent. For enkelte er bruksbil. For andre er det stasbil, seier Nedrebø.

Og bilentusiastane kunne ikkje håpa på betre vêr når dei først skulle ut med stasbilen. Etter mykje grått og vått vêr, smilte vêrgudane. Endeleg.

– Eg har stått på kne framfor senga fleire netter og bede, humrar Nedrebø.

– Nei, det var meldt bra, men ikkje så fint som dette. Det legg ei fin ramme rundt samlinga, avsluttar han.