Hopp til innhold

Slik håpar dei å få unge til å droppe fyllekøyring

– Det er farleg og idiotisk å køyre i rusa tilstand, seier Mats Sundsøy Hallstensen. Med ein hund og ein treåring på laget håpar ungdomar i Førde å få andre unge til å ta til fornuft.

Klasse 2MKA ved Hafstad vidaregåande skule i Førde laga våren denne kampanjefilmen for å fortelje kor farleg rus og bilkøyring er. Filmen er del av organisasjonen MA-Ungdom sin Death Trip-konkurranse. Førdianarane vann blant dei 40 klassane som deltok.

IKKJE OVERVURDER DI EIGA EVNE: Klasse 2MKA ved Hafstad vidaregåande skule i Førde laga våren denne kampanjefilmen for å fortelje kor farleg rus og bilkøyring er. Filmen er del av organisasjonen MA-Ungdom sin Death Trip-konkurranse. Førdianarane vann blant dei 40 klassane som deltok.

Andreklassingane på media- og kommunikasjon ved Hafstad vidaregåande skule i Førde har laga ein litt spesiell reklamefilm denne våren.

I filmen ser ein korleis ein småbrisen tenåring set seg bak rattet. For å demonstrere kor ueigna rusa førarar er, spelar ungdomane på eigenskapane ein hund og ein treåring har til bilkøyring.

Sigrunn Mehl seier dei har prøvd å nå fram til sine jamgamle med å vise til fornufta.

– Utfordringa vår var at alle synest det er dumt, men folk gjer det likevel, seier ho og seier dei håpar å få folk til å ombestemme seg.

Fekk seg ein vekkar

Filmen dei har laga er del av «Death Trip», ein konkurranse som blir arrangert for vidaregåande skular av organisasjonen MA-Ungdom. Dei har som mål å førebygge ruskøyring blant ungdom ved at dei unge blir bevisste på eigne haldningar. Kampanjane som elevane lagar blir også brukt for å synleggjere problemet for andre.

Kampanje mot ruskøyring laga av elevar i Førde

RUSKØYRING: Denne plakaten er del av elevane i Førde sin kampanje mot køyring i rusa tilstand.

Foto: 2MKA ved Hafstad vidaregåande/MA-Ungdom

Gjennom arbeidet med kampanjen vart elevane mellom anna presenterte for forsking som viser at talet på kor mange som blanda inn i ulukker med personskade stig dramatisk dess meir alkohol føraren har i blodet.

– Vi lærte at med 0,5 i promille er det 900 gongar større risiko for å døy i trafikken, seier Sundsøy Hallstensen.

Mehl trur alle i klassen har fått seg ein vekkar.

– Vi blei veldig overraska over at det var eit så stort problem, seier ho.

Alvor og humor

Leiar i MA-Ungdom, Stig Eid Sandstad, seier det beste frå« Death Trip»-kampanjane i sommar skal rulle rundt på ei utstilling.

Av 40 klassar var det Førde-elevane som vann. Sandstad skryt av sunnfjordingane sin kombinasjonen av humor og alvor.

– Dei hadde både teke grep om det alvorlege temaet, men også brukt ulike element gjennom eit barn og ein hund. Det fekk ein til å dra litt på smilebandet, samtidig som ein forstod godt kva dei ønskte å formidle, seier Eid Sandstad.

Håpar å nå fram til sine jamgamle

Andreklassingane i Førde håpar dei kan få andre unge til å velje annleis.

Grete Roska seier klassen gjennom prosjektet har blitt endå meir merksame på kor svekka køyreeigenskapane blir når ein er rusa.

– Veldig mange på vår alder held på å ta lappen eller har nettopp gjort det. Då meiner vi det er viktig å få ut bodskapen om å ikkje køyre i rusa tilstand, seier ho.

Elevane fekk tildelt prisen på 30.000 kroner i går under finalen i kinoens hus i Oslo.