Hopp til innhold

Slik håpar dei å berge overgrepsmottaket

FØRDE (NRK): Det krev semje, men framleis lever håpet om ei vidareføring av overgrepsmottaket i Førde.

Møte i rådmannsutvalet i KS

VIL HA SEMJE: Rådmannsutvalet i KS i Sogn og Fjordane meiner det beste vil vere om kommunane sluttar seg til den nye ordninga og blir med i spleiselaget for å behalde overgrepsmottaket i Førde.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

For rådmannsutvalet i KS i Sogn og Fjordane rår no kommunane til å vere med på vidare driving av overgrepsmottaket.

– Kommunar som enno ikkje har gjort vedtak i høve til finansiering av overgrepsmottaket blir oppmoda om å gjere det og å slutte seg til ordninga, og kommunar som har gjort vedtak om å ikkje vere med, blir oppmoda om å vurdere saka på nytt, er innstillinga deira.

Mange kommunar har allereie sagt ja til å halde fram med finansieringa av mottaket. Bakgrunnen for saka er ei ny ansvarsfordeling mellom kommunar og sjukehus, bestemt av staten.

Usemje kring kven som skal ta kostnaden og kva som er best for overgrepsoffer, gjer at skjebnen til mottaket ligg i nordfjordpolitikarane sine hender.

Fleire kan snu

Men når rådmannsutvalet har lagt fram si innstilling kan det vere fleire som snur.

– Vi vil jo slutte oss til dei tilrådingane som vil komme frå fellesskapet når det gjeld løysingar, seier rådmann i Bremanger, Tom Joensen.

Katja Nielsen ved overgrepsmottaket i Førde

USIKKER FRAMTID: Katja Nielsen ved overgrepsmottaket ved Førde Sentralsjukehus er uroa for om overgrepsmottaket vil halde fram å eksistere.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Og han får støtte frå fleire.

– Slik eg ser det så vil Selje kommune gå inn for å støtte overgrepsmottaket i Førde, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

– Den tilrådinga vil Eid kommune følgje, og finansieringa har vi sørga for i budsjettet for 2016. Det vi har venta på, saman med dei andre nordfjordkommunane, er ei avklaring på korleis dette skal organiserast framover, seier Alfred Bjørlo, ordførar i Eid.

1,7 millionar å fordele

Og kostnaden for å vere med er ikkje så stor, ifølgje Heggheim i rådmannsutvalet.

Jan Kåre Fure

PRINSIPP: Jan Kåre Fure, rådmann i Gloppen, meiner det ikkje handlar om pris, men om det prinsipielle i saka.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Dersom vi seier at sjukehuset skal betale sin del, så er det om lag 1,7 millionar kroner som skal fordelast på kommunane i fylket.

Men for kommunane i Nordfjord har det vore ei prinsipiell sak.

– Det er utfordrande å marknadsføre synet når kostnaden på den enkelte kommune ikkje er større enn dette, men prinsipielt må det jo vere feil å seie at det er kommunane som saboterer eit opplegg som vi har vore heilt uskuldige i, seier rådmann i Gloppen, Jan Kåre Fure.

– Det einaste som har skjedd er at ein eigentleg har flytta ansvaret vekk frå kommunane, og så resulterer det i ei ganske omfattande rekning, totalt sett i alle fall.

Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel er usikker på om innstillinga vil bety noko.

– Eg har mine tvil. I den grad vi skal finansiere dette her, så må vi finne pengar til det.

I Vågsøy har ikkje saka vore behandla enno. Men dei er innstilte på å finne ei løysing, ifølgje ordførar Kristin Maurstad.