Hopp til innhold

Tunnelen hadde truleg hatt to løp, dersom han hadde vorte bygd i dag

Hadde Gudvangatunnelen på E16 vore bygd med dagens standard, ville han ha hatt fleire lommar der trafikantane kunne snu, hatt betre lysstyrke og evakueringsslys. Kanskje også to tunnelløp.

Gudvangatunnelen

KUNNE VORE TO LØP: Hadde Gudvangatunnelen vore bygd i dag, ville han mest truleg hatt to løp.

Foto: Arve Veum/Monika Blikås / NRK

Gudvangatunnelen, som bind Gudvangen i hopp med Undredalvart opna i desember 1991, og var den gongen ein svært oppdatert tunnel. Men dei dagane er over. Hadde tunnelen vorte opna i dag, hadde han sett heilt annleis ut.

– Han ville ha sett ut slik som dei nyaste tunnelane vi har bygt. Trafikanten ville ha opplevd tunnelen som både høgare og breiare enn i dag, han ville hatt evakueringslys og betre lysstyrke, seier Slinde.

Også naudsambandet ville ha vore av det moderne slaget, samt at det ville vore laga til større utkøyringar der ei kan snu dersom ein treng det.

– Hadde vi opna ein så lang tunnel i dag, ville diskusjonen om det er godt nok å ha evakuering i kvar ende, komme opp, seier Slinde.

Ikkje ei ny problemstilling

Fungerande vegdirektør Paal Fosdal fortel at tunneltryggleik er noko det vert jobba med kontinuerleg.

- Kunne det vore gjort meir for å unngå at noko slikt skjedde?

- Vi jobbar med tunneltryggleik heile tida. Dette er ikkje ei ny problemstilling, det er noko vi jobbar med kontinuerleg, seier fungerande vegdirektør Paal Fosdal.

Han legg til at krava om tryggleik i tunnel også endrar seg med åra.

- Det er stadig utvikling mot strengare krav i tunnelane. Gudvangatunnelen ville ikkje blitt bygd slik i dag, seier Fosdal.

Er andre krav til tryggleik i dag

Gudvangatunnelen ber preg av å vere frå tidleg 90-tal.

- Den tilfredsstilte dei krava som var då. Så er det gjort utbetringar undervegs, men ikkje mykje, seier Fosdal.

Kort fortalt er tryggleiken høgare i nyare tunnelar.

- I dag er det heilt andre krav til tryggleik i så lange tunnelar. Det ville blant anna vere aktuelt med to tunnelløp, seier Fosdal.

Trur debatten kjem

Slinde trur den debatten om evakuering av tunnelar kjem opp i etterkant av brannen måndag.

– Er det godt nok å ha evakuering på langs i så lange tunnelar. Det er ein diskusjon som er oppe i kvart einskild nytt veganlegg, seier Slinde.

Mellom anna har dette vorte grundig diskutert i Rogfast på E39, kryssinga mellom Stavanger og Haugesund.

– Her ser ein på dette med tunnelutforming og to løp, seier Slinde.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

KREVJANDE: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde, legg ikkje skjul på at det er mykje som må gjerast for å oppfylle EU-direktivet.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Nord-Europas lengste vegtunnel, Lærdalstunnelen, vart opna i 2000. Heller ikkje den har andre rømmingsvegar enn kvar ende.

– Den tekniske standen er betre, men situasjonen vil vere den same der dersom det skulle brenne. I Lærdalstunnelen har vi dei store fjellhallane som er bygde for at det skal vere lettare for trafikantane å snu og køyre ut, seier Slinde.

Hadde hatt betre viftekapasitet

Han understrekar at sjølv om det er ei betring, er Lærdalstunnelen dobbelt så lang.

– Det vil vere dobbelt så mange inne i tunnelen i ein gitt situasjon, seier Slinde.

Også viftekapasiteten, som er viktig for å dra ut røyk, samt snu vindretninga for å gjere det mogleg for brannmannskap å ta seg inn i tunnelen, ville vore betre.

– Det ville vore større viftekapasitet dersom tunnelen var ny, men ventilasjonsanlegget i Gudvangatunnelen fungerte tilfredsstillande i går. Trekken vart snudd og brannvesenet fekk den trekken som dei ønskte, seier Slinde.

Ventilasjonsanlegget i Gudvangatunnelen har gjennomgått omfattande reparasjonar dei siste åra.

– Vi har eit betre anlegg no enn det som var. Men det er klart at eit nytt anlegg ville gitt auka kapasitet og gjort oss meir robuste i forhold til slike hendingar. Men det rokkar ikkje ved at røyken må ut i ein ende, og det må også bilistane, seier Slinde.