Hopp til innhold

Endeleg kan Øystein glise over tre poeng

(FØRDE – VIDAR: 4-2): Smila sat laust på Førde-spelarane etter sigeren over Vidar onsdag ettermiddag. Etter halvannan månad med berre tap og uavgjort smakte dei tre poenga ekstra godt.

Øystein Myrkaskog

LETTA: Øystein Myrkaskog legg ikkje skjul på at det har vore tøft med mange tap. Onsdag kunne han og lagkameratane endeleg noterte seg med tre poeng.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– For min del så gjekk det inn i dag, det var ganske enkle mål eigentleg, seier ein tydeleg glad og letta Øystein Myrkaskog.

Allereie etter sju minutt hadde sogningen sett to ballar i nettmaskene på heimebane i Hafstadparken. Alt låg dermed til rette for den første sigeren for Førde sidan dei sende Brann på hovudet ut av cupen i midten av april.

For det har gått trått for Førde-laget. Den siste månaden har dei notert seg med firemålstap for både Nest-Sotra og Florø, medan Fyllingsdalen bokstavleg talt køyrde over dei med 7–0.

I helga gjekk det fleire hakk betre då dei spelte 2–2 mot Stord, ein kamp som likevel kjendest som tap.

Frykta det skulle rakne, igjen

Myrkaskog legg ikkje skjul på at dette var snuoperasjonen måtte få til.

– Vi kjende at det byrja losne litt i sist kamp, sjølv om vi ikkje heldt ut då. I dag var vi litt redde for at det skulle rakne i andre omgang, men vi heldt ut. Eg føler vi gjer ein god kamp, seier han.

Men det kunne sjå skummelt ut då Vidar i løpet av få minutt mot slutten av kampen skåra to mål og reduserte til 3–2.

Det var før ein av kampens største krigarar, Eirik Lund Holm, på overtid la inn eit ekstra gir. Han spelte ballen vidare til tremålsskårar Myrkaskog som valde å dele æra med lagkamerat Daniel Kvalvågnes, som fekk sette inn skåringa.

– Det går litt tankar i hovudet etter den perioden vi har hatt. 3–2 var ikkje kjekt. Men då vi fekk det avgjerande målet og visste at vi fekk tre poeng, det var ei lette, smiler vikjen.

Førde slo Vidar 4-2 i Hafstadparken

MÅLRIKT MOT SLUTTEN: Gjestane frå Stavanger gjorde det spennande mot slutten då dei putta inn to mål på kort tid. Men det vart for lite, for seint, då Førde til slutt vann 4–2.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Det er verdt det

Også Lund Holm pustar letta ut etter trepoengaren. Han låg bokstavleg talt langflat etter å ha sprunge og sprunge gjennom heile kampen. Han fekk betalt for strevet då han la opp forspelet til det forløysande 4-2-målet.

– Det er så herleg. Du anar ikkje kor godt det var å sjå den gå inn. Då kjenner eg at det er verdt å springe så mykje, seier Lund Holm sliten til NRK.no like etter kampslutt.

Han seier heile spelarstallen har gått i seg sjølv for å få til snuoperasjonen etter den lange tapsrekkja.

– Vi veit kva som må gjerast for at vi skal vinne. Vi har bestemt oss for at viss vi legg innsats og vilje i botn, så kjem resultata av seg sjølv. Som i dag, vi krigar dei i senk.