Slik gjer du det med bunad i regn

Fleire stader har det kome både ein, to og tre regndråpar på nasjonaldagen. Har du vore uheldig og kjem heim med klissvåt bunad? Slik bergar du nasjonaldrakta di.

Video Dette må du tenkje på med bunad i regnet

TA GODT VARE PÅ BUNADEN: Dette må du tenkje på med bunad i regnet.

Vêrmeldingane fram mot 17. mai har ikkje vore dei beste fleire stader. Mange har budd seg på ei feiring med både regn og vind, der gradestokken ligg på kanskje berre fem grader.

Men det å droppe bunaden er for mange ikkje eit alternativ. Blir du våt er det ikkje fullstendig katastrofe, dei som jobbar med å sy bunad til dagen har gode tips.

– Bruk bunaden, sjølv om det regnar

Regn og bunad er ikkje ein god kombinasjon. Det veit også Inge Per Smørdal som sel bunader på Eid. Han er dagleg leiar ved Frislid Hereeekvipering som er blant dei få som framleis lagar bunad i Norge.

Plagget som mange reknar som sin finaste stas er noko mange berre må ha på seg på 17. mai. Uansett om det regnar både i bøtter og spann.

– Dersom du først har investert i ein bunad, så skal du absolutt bruke den på 17. mai. Men i høljande regnvêr må ein ta visse førehandsreglar, seier Smørdal.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video Satsing på norsk bunad

SJÅ TV-SAKA: Mesteparten av bunadsproduksjonen skjer no i utlandet. Men hos Frislid på Nordfjoreid satsar dei framleis på at nasjonaldrakta skal syast lokalt.

– Ingen krise, men likevel

Den enkle forklaringa på kvifor bunaden og regnvêr ikkje går så godt i hop er at bunaden er sydd av eit stoff som er 100 prosent rein ull. Dermed toler ikkje stoffet så godt vatn.

– Men kan den bli øydelagt av regnet?

– Det skal mykje til for at den blir øydelagt, og det er ikkje krise om den blir våt.

– Viktig at den får tørke opp

Også han rår folk til først og fremst å unngå å bli våt, med til dømes regncape.
Men blir nasjonaldrakta di våt, er det nokre enkle triks du bør ta deg tid til.

– Det er om å gjere at bunden blir tørka godt opp att. Bruk gjerne ein taperull til å gå over for å gjere den rein, seier Smørdal.

Og når du skal tørke opp att bunaden er det ikkje noko triks å fyre for fullt. Heilt vanleg romtemperatur er det aller beste, der du let plagga tørke kvar for seg.

(Artikkelen held fram under)

Regncape er betre enn paraply

Ann Hilde Farsund ved Bunadspesialisten i Førde seier det også finst eigne bunadsparaplyar, men vil ikkje utan vidare anbefale desse. 17. mai er dagen der folk samlast og det er mykje folk både i ut og utanfor toga.

– Det er lite praktisk når det er mykje folk rundt deg, og det er heller ikkje nødvendigvis så greitt når det regnar sidelengs, seier Farsund.

Så sjølv om det altså kanskje hadde sett betre ut med ein matchande paraply til bunaden, vil ho heller anbefale ein gjennomsiktig regncape. Før den store dagen har det vore mange som har kjøpt inn slike fotside kapper.

Ja til støvlar, men nei til boblejakke

For å dra på seg ei glorete boblejakke, det er iallfall fy-fy.

– Du kler ikkje på deg ei boblejakke utanpå bunaden, det er ikkje bra, seier ho lattermild og vedgår at ho har sett dette fleire gonger.

Samtidig er ho klar på at støvlar er lov som fottøy.

– Men kva med ungane då, dei skal jo gjerne leike i bunaden?

– På barna er det greitt å ta på regnklede, ein må nesten tilpasse seg vêret.

Regjeringa vil ha større konkurranse i landbruket, men bøndene på Vestlandet er skeptiske.
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.