Hopp til innhold

Slik gjer du bilen din haustklar

Du har gjerne funne fram støvlar og regnklede, men har du gjort bilen din haustklar? Her er nokre god råd på vegen.

Mye vann på veiene

VATN: Det regnar og regnar, og då er det viktig å ha dekk som har nok mønster.

Foto: Tonje Eide / NRK

Dersom du vil unngå bøter og vere trafikksikker i møte med hausten er det på tide å sjekke at alt er i orden. Både dekk og lys bør vere i orden skal du gå ein trygg haust i møte.

Våte vegar

Når sommaren plutseleg vart til haust er det mange som tenkjer at dei skal slite ut det siste mønsteret på sommardekka sine. Men det er gjerne ikkje det luraste.

– Det er no på hausten ein har behov for skikkeleg mønster i dekka. Det er mykje vatn på vegane og då er det viktig med mønster slik at ein får drenert vekk vatnet og unngår mellom anna vassplaning, seier Svein Magne Henjesand i Statens vegvesen.

For mange er alternativet til slitne sommardekk vinterdekk. Men der brukar ein del piggdekk.

– Er det betre å ta ut piggane på vinterdekket enn å bruke slitne sommardekk?

– Det vil vere meir mønster i eit slikt dekk, og det er ikkje ulovleg å dra ut piggane og køyre på dei dekka, seier Henjesand.

– Kontroller dekka dine

For å kontrollere mønsterdjupna på dekka dine kan du til dømes bruke ein linjal. Men det finst også andre moglegheiter, forklarar Henjesand.

– På dei aller fleste dekk er det ei lita pil på sida som ein kan vurdere ut ifrå. Dersom folk ikkje er sikre kan dei ta med seg dekka til ein verkstad, eller kome til oss på Vegvesenet så skal vi hjelpe dei, seier Henjesand.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikk

LYS: Har du sjekka at alle lysa på bilen din verkar? Det er viktig, både for å sjå og bli sett på vegen.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Sjekk lys, framme og bak

Men det er ikkje berre dekk som er viktig å kontrollere. Skal du sjå skikkeleg i haustmørkeret er også lysa viktig. Du bør sjekke bilen både framme og bak, slik at du ser andre og andre ser deg.

Når du skal sjekke bremselysa er det gjerne lettast å få nokon andre til å hjelpe deg. Framme kan du kontrollere sjølv.

Og ein ting du skal vere ekstra merksam på er justering av lysa. Om du ikkje veit korleis du gjer dette så stikk innom ein verkstad. Du kan nemleg få mangellapp om ikkje alt er i orden.

– Det viktigaste er uansett at lysa er skikkelege og at ein ser det ein skal gjere. Har ein skikkelege lys ser ein fotgjengarar og syklistar tidlegare, og då har ein større sjanse til å reagere, seier Henjesand.

– Bruk lysa riktig

Det er mykje som skal vere riktig for å kunne køyre trygt, og la vere å irritere og skape problem for andre bilistar. Mange synst til dømes det er svært irriterande når ein møter bilar med for høge lys.

Det kan også vere plagsamt å ligge bak nokon som køyrer med tåkelys bak, heilt unødvendig.

– Bruk av tåkelys kan ta nattsynet frå føraren, og det kan gå litt tid før ein får det tilbake, seier Henjesand.