Hopp til innhold

Slik gjekk vegslaget i fylkestinget

LEIKANGER (NRK): Kysten vann fram i kampen om vegkroner.

Fylkestinget i Sogn og Fjordane

VEGKAMP: Fylkestinget brukte nesten ein heil arbeidsdag på å diskutere regional transportplan.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I seks fullgode timar diskuterte fylkestinget seg fram til kva vegar som skal byggast i Sogn og Fjordane dei neste fire åra. Prislappen blir over 1 mrd. kroner.

  • Førdepakken – 432,6 millionar
  • Fylkesveg 60 Ugla – Skarstein (Stryn) – 31 millionar
  • Blaksettunnelen (Stryn) – 242,8 millionar
  • Seimsdalstunnelen (Årdal) – 271,3 millionar
  • Avviksfond tunnel – 50 millionar

I tillegg skal det brukast 198,8 millionar på ei rekkje mindre utbetringar, 108,2 millionar på gang- og sykkelvegar, og 1.058,2 millionar på skredsikring.

Dette er saker som alle partia var samde om.

Strid om Kystvegen

Det som kravde tid og forhandlingar var Kystvegen og brua ved ytre Steinsund.

Senterpartiet ville at traseen for Kystvegen skal gå ved Grov. Og at fylkesvegen mellom Svelgen og Indrehus i Bremanger ikkje skal få oppstartspengar no, men stå på toppen av marginallista.

Arbeidarpartiet ville ha pengar til å ruste opp Svelgen-Indrehus no. Og dei ville ha traseen for Kystvegen ved Terøy i Florø.

Ola Teigen smiler

NØGD: Flora-ordførar Ola Teigen (Ap) hadde ikkje forventa at det skulle kome pengar til å ruste opp Svelgen-Indrehus.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Røysting

Trass i seks timar med debatt, gruppemøte og forhandlingar greidde dei ikkje bli samde om eit kompromiss. Dermed vart det kampvotering.

Ap føreslo til saman 165 millionar kroner til Svelgen-Indrehus; 15 millionar i oppstartsmidlar i 2020 og 150 millionar 2021. Vegen var i 2015 kostnadsrekna til totalt 690 millionar. Dei føreslo også at begge traseane på Kystvegen skal vurderast vidare.

Ap fekk støtte frå Venstre, Høgre og Frp, totalt 17 røyster, på å leggje inn pengesummen til Svelgen-Indrehus.

I det avrøystinga var gjort, smilte Flora-ordførar Ola Teigen på bakarste rad.

I avrøystinga om traseval var det berre 13 røyster for Ap-forslaget om Terøy. Dermed er det no bestemt at Kystvegen skal via Grov, som i dag.

Deretter røysta dei over korleis Kystvegen skal krysse Nordfjorden. Ap fekk fleirtal for sitt vedtak:

«Nordre del av kystvegen følgjer dagens veg til Rugsundsøya, der den tek av mot Tongane og med bru over Nordfjorden til Biskjelneset. Deretter koplar traseen seg på riksveg 15 og følgjer den til Bryggja og vidare med utbetring av fylkesveg 61 til Naveosen.»