Hopp til innhold

Mange hadde slett ikkje alt på stell då dei vart stoppa i kontroll...

Det vart skrive ut mange gebyr då politiet og UP heldt både fartskontroll og trafikkontroll fleire stadar i fylket onsdag.

UP

FLEIRE KONTROLLAR: Både UP og lokalt politi heldt trafikkontrollar fleire stadar i fylket onsdag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det har vore ein travel ettermiddag fleire stadar, stadfestar operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

I løpet av ettermiddagen heldt politiet i Florø trafikkontroll både ved Havreneset og på Brandsøy.

I 40-sona i Havreneset vart 70 køyretøy og bilførarar kontrollerte. Her vart det skrive ut tre forenkla førelegg for høg fart, høgste fart vart målt til 59 km/t.

Vart avskilta på staden

På same stad fekk to bilførarar kvar sitt forenkla førelegg for å ha brukt handhalden mobil. Ein bilførar fekk gebyr for å ikkje ha med seg førarkort og/eller vognkort.

Ein annan førar fekk gebyr for manglande bilbelte, medan ein annan bilist fekk bilen sin avskilta på staden på grunn av manglar. Ein bilførar fekk mangellapp på grunn av feil på lyset.

Etter enda kontroll i Havreneset, sette politiet kursen mot 60-sona i Brandsøy. Her kontrollerte dei 30 køyretøy. Det vart skrive ut fire forenkla førelegg for fart, høgste fart vart målt til 76 km/t.

Det vart skrive ut to forenkla førelegg for handhalden mobil, eitt gebyr for manglande sertifikat og/eller vognkort, samt éin mangellapp på grunn av lysfeil.

(Artikkelen held fram under biletet)

UP

STOD FLEIRE STADAR: F.v. Elling Krogen og Bjarte Aasen i UP heldt trafikkontroll fleire stadar i Førde onsdag.

Foto: Oddleif Løset / NRK

14 hadde droppa bilbelte

Politiet i Førde hadde onsdag kveld trafikkontroll på E39 ved Bruland i Førde. Dei kontrollerte 43 køyretøy. Det vart skrive ut eitt forenkla førelegg for bruk av handhalden mobil, og to gebyr for manglande dokument.

Politiet i Høyanger gav ein bilførar forenkla førelegg for å ha køyrt i 95 km/t i 80-sona på fylkesveg 55 i Vadheim.

Utrykningspolitiet har i løpet av onsdag ettermiddag og kveld hatt trafikkontroll på fleire stadar i Førde. Også dei fann fleire ting å slå ned på.

– 14 bilførarar fekk gebyr for å ikkje bruke bilbelte, medan seks bilførarar fekk gebyr for å ha snakka i handhalden mobil, seier Hope.