Hopp til innhold

Slik gjekk MC-gjengen saman mot mobbing

MC-klubben Njords Men fekk med seg til saman 27 motorsyklar og andre køyretøy i paraden for å markere sin motstand mot mobbing.

For Njords Men er det viktig å gje noko tilbake til ungdomane i deira eigen kommune.

SJÅ VIDEO: Tok syklane fatt og samla inn pengar til kommunen. Foto/Redigering: Bjarne Eldevik.

– Ein MC-klubb er tufta på kameratskap og gjensidig respekt og hjelp. Det står veldig i kontrast til mobbing, seier Kjell Roger Larsen, president i MC-klubben Njords Men.

Laurdag tok klubben syklane fatt og laga ei MC-parade mot mobbing. Utgangspunktet deira er eit landsomfattande arrangement som går av stabelen på søndag. Her vert det også store paradar der inntektene går til Odin-stiftinga.

For Njords Men var det viktig å gje noko tilbake til ungdomane i deira eigen kommune.

– Vi i Njords Men bestemte oss for å køyre eit lokalt arrangement, der alle inntekter går til lokale prosjekt i kommunen som jobbar med førebyggande tiltak mot mobbing, fortel Larsen.

(Artikkelen held fram under bileta)

Njords Men MC
Foto: Bjarne Eldevik

Køyrde gjennom kommunen

Oppstartspunktet for paraden var i Svelgen. Her kom det gjestar frå både Stryn, Florø, Eid og single syklar som ikkje er tilknytt nokon klubb. I tillegg til gjengen i Bremanger.

Frå Svelgen køyrde dei innom Bremanger før dei kom til endestasjonen Kalvåg der hovudarrangementet var.

Oppslutninga på MC-paraden var over all forventning og mykje folk kom innom for å få med seg det heile. I paraden var det rundt 27 syklar, og i tillegg kom det fleire syklar til under sjølve arrangementet.

– Vil vise at vi bryr oss

Njords Men har ti fullverdige medlemar i hovudklubben, men har også oppretta ei supportergruppe Frøya Support NMMC som består av ektefellar og sambuarar til MC-klubben.

– Dei er sjølvsagt heilt uunnverlege under slike arrangement, rosar Larsen.

Alle syklane som deltok i paraden måtte betale ei startavgift på 50 kroner i tillegg til at dei hadde loddsal. Alle pengane dei fekk inn skal gå til kommunen og prosjekt mot mobbing.

Det har vore mykje negativ skriving om MC-klubbar i lang tid, for oss var det viktig å vise lokalsamfunnet at vi bryr oss og tar vare på lokalsamfunnet vårt. Så det føler vi at vi har klart i dag, seier han.