Hopp til innhold

Slik gjekk hjortekalven i fleire dagar

Med avskoten kjeve gjekk den skadeskotne hjortekalven laus i fleire dagar før den vart avliva. Jeger- og fiskarforbundet er opprørte.

Skadeskoten hjort

SKADESKOT: Denne hjorten vandra i dagevis rundt med store skadar. – Truleg tjuvjakt, seier Thomas Stølen i Gulen ettersøkslag.

Foto: Thomas Stølen

– Eg blir forbanna. Det gjer fysisk vondt å sjå desse bileta, seier Espen Farstad i Noregs Jeger- og fiskeforbund.

Han fordømmer på det sterkaste det han karakteriserer som omsynslaus tjuvjakting.

Det var tidlegare denne veka at Thomas Stølen og eit par jegerkollegaer fekk tips frå ein bilist om ein skada hjort som vandra langs vegen i eit relativt aude område i Gulen.

Stølen, som er med i Gulen ettersøkslag, vart skaka då han såg kva som møtte han.

– Kjeven såg ut til å verte skoten av og hang berre ned.

Dette biletet viser dei store skadane hjorten gjekk rundt med i fleire dagar.

OMFATTANDE: Dette biletet viser dei store skadane hjorten gjekk rundt med i fleire dagar.

Foto: Thomas Stølen

Det var ikkje mykje liv att i hjorten då ettersøkslaget kom fram til dyret. Mest truleg var han utmatta etter den lange dødskampen.

– Når hunden bjeffa og sprang mot han så sprang han litt, men så vart han eigentleg berre ståande i ro. Magesekken var heilt inntørka, og den var ganske sliten. Eg er glad me fekk avslutta det fort, seier han.

– Truleg tjuvjegerar

Stølen, som meiner han har god kontroll på kven som jaktar i området, seier det er vanleg at jegerar sjølve melder frå viss vilt er skadeskote. Då dyret i tillegg vart observert på eit område der det vanlegvis ikkje vert jakta mykje, meiner han at det kan vere snakk om ei tjuvjakt som har gått gale.

– Jegerane har ikkje meldt frå om noko, og når dyret står slik det gjer langs vegen, så er det truleg nokon som har prøvd seg på tjuvjakt og ikkje lukkast.

Han fortel at tjuvjakt i området har skjedd før. Eit av kjenneteikna kan vere at dei siktar mot hovudet, for å få mest mogleg kjøt ut av byttet.

– Når dei siktar mot hovudet, og bommar slik, så ser ein jo kva resultatet blir, seier han.

Tek sterk avstand

Espen Farstad i jegerforbundet reagerer med avsky på bileta.

– Dette er ein dyretragedie og mykje liding er knytt til dette. Det er heilt forferdeleg å sjå.

Han meiner det er heilt uakseptabelt for jegerar å sikte mot hovudet, og at det står stikk i strid med det dei lærar vekk på jegerprøvane.

– Viss ein siktar på nakke eller hals, så krev det seks gonger betre skyteferdigheit.

– Fagmiljøet må stå saman

Farstad støttar Stølen sine teoriar om at det kan vere tjuvjakt. Han meiner jegerar i landet stort sett er forsvarlege og bryr seg om dyret dei jaktar på.

– Eg kjenner norske jegerar godt etter 30 år i organisasjonen. Dei har eit stort hjarte for dyra, og alle ønskjer det beste for dei. Det er nokre som øydelegg for alle andre fordi dei kanskje vil ha mest mogleg kjøtt.

Han håpar fleire vil organisere seg for å vere med for å kjempe mot denne typen kriminalitet.

– Det beste bøtemiddelet mot desse tjuvjegerane er at me har gode organiserte jegermiljø som førebygger slike hendingar og som får fram god jaktmoral.

– Det kan kanskje vere med å hindre at fleire dyr møter same skjebne som den stakkars hjorten som har gått rundt med desse lidingane i dagevis.