Hopp til innhold

Slik gjekk det for den uheldige bonden

Ingen kom til skade då kalkvogna losna frå traktoren og rente inn i det nedlagde butikklokalet. – Eg vart jo litt fortvila, seier bonden om det som skjedde.

Kalkvogn på rømmen

VOGN PÅ RØMMEN: Butikken har vore nedlagt i mange år, og ingen personar kom til skade.

Foto: Roger Vik / NRK

Uhellet skjedde på Storesunde mellom Stryn og Oppstryn ved Flovegen. Politiet rykte ut til staden då dei fekk melding om uhellet.

– Det ser ut som at traktoren har vore uheldig og mista den. Det er ikkje mange bygg i området, så han har nok vore maksimalt uheldig, fortel fotograf Roger Vik.

kalkvogn rente inn i butikk

HOLE I VEGEN: Det humpa godt når ein køyrer her, ifølgje både bonden og ein tipsar.

Foto: Roger Vik / NRK

Det er ikkje meir enn eit par meter frå vegen til bygget, som er eit gamalt butikklokale. Kalkvogna har knust seg gjennom veggen, og halvveges inne i lokalet.

– Eg vart jo litt fortvila, men det var ikkje så veldig dramatisk eigentleg, seier bonden, som ønskjer å vere anonym.

Han er glad for at ingen kom til skade, og letta over at når kalkvogna først skulle stikke av på denne måten, så var det eit tomt lokale som vart råka.

– Så denne kan vi nok leve med, seier bonden.

Ei hole i vegen var den utløysande årsaka, ifølgje bonden, for akkurat då han køyrde ned i den, losna vogna.

– Eg veit eigentleg ikkje heilt kva som skjedde, men det var i alle fall då det skjedde. Eg har snakka med politiet og dei konkluderer med at det var eit uhell. No får forsikringsselskapet ta det vidare, seier han.

Storesunde