Hopp til innhold

Slik gjekk det då politiet sjekka 2000 bilførarar

Ein promillekøyrar blant 2128 bilførarar. Det vart den lokale fasiten på politiet si Nasjonale Ruskontrollveke i førre veke.

Trond Hatlenes

KOORDINATOR: Politioverbetjent Trond Hatlenes er nøgd med resultatet etter ei veke med kontrollar spesielt retta mot ruskøyring.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Talet på kontrollerte er høgare enn frå tilsvarande aksjonar tidlegare år. Samstundes har tal reaksjonar gått ned.

Samla sett vart det reaksjon mot 0,46 prosent av dei kontrollerte.

– Det er ikkje positivt at vi avdekkjer rusa førarar i trafikken, men ein må seie at det er positivt når talet er berre ein av vel 2.000 kontrollerte, seier politioverbetjent og trafikkoordinator i Sogn og Fjordane, Trond Hatlenes.

Viktig å syne att

Under aksjonsveka gjennomførte politiet over heile fylket ei lang rekkje kontrollar. Ikkje berre for å avdekkje rus, men også for å førebyggje ved å vere synlege langs og på vegane.

Nasjonal Ruskontrollveke, Sogn og Fjordane

Totalt

Tal kontrollerte

Melde rus

Gebyr

Forenkla Førelegg

Mangellapp

Nordfjord

446

0

0

0

0

Sunnfjord

1.239

1

3

1

0

Sogn

443

0

3

1

1

Totalt

2.128

1

6

2

1

Reaksjonsprosent

0,46%

0,04%

Aksjonen blir gjennomført i samarbeid med kampanjeorganisasjonen Av-og-til. Kampanjevekene blir gjennomført opp mot skuleslutt og i julemånaden.

– Eg trur at det er veldig viktig at vi syner att ute på vegane. At vi viser publikum som ferdast både og langs vegen at vi tek trafikken på alvor, seier Hatlenes og trur at det er tilfeldig at resultatet for aksjonen var meir oppløftande enn i fjor.

Fleire aksjonar

I fjor gjennomførte dei to slike aksjonar. Den siste i desember. Årets ruskontrollveke var den første for året.

Politiet gjennomfører årleg fleire nasjonale målretta aksjonar. I tillegg til all anna kontrollaktivitet.

– På hausten har vi mellom anna noko som heiter aksjon skulestart. Då har vi veldig fokus på trafikk i nærområdet til skulane, seier Hatlenes.