Hopp til innhold

Skulle gjere comeback etter tre månadar med sjukdom - men problema stoppa ikkje der...

Etter tre månadar sjukdom, såg langrennsløpar Gjøran Tefre fram til å gjere comeback under fredagens Norgescupsprint i langrenn på Gjøvik. Det enda med både knall og fall.

Gjøran Tefre

IRRITERANDE: Gjøran Tefre fekk ikkje det comebacket han hadde håpa på. Men søndag kjem det nye sjansar.

Foto: Rune Helle, Vestpress

– Det er ufatteleg ergerleg og irriterande. Kjipt, rett og slett. Det var ikkje slik eg ville starte opp att, seier Tefre, om dei irriterande falla.

19-åringen har vore rekna som ein av dei mest lovande unge skiløparane i Sogn og Fjordane, og har mange gode resultat å sjå tilbake på. I fjor tok han bronse på ti kilometer klassisk i junior-NM.

Men årets sesong har vorte effektivt spolert av sjukdom. Nettopp difor var han ekstra tent på å komme tilbake i ringen i helga.

– Eg hadde gledd meg skikkeleg til å vere med, seier Tefre.

Gjekk på trynet og stivna

Og i prologen låg han godt an. Heilt til det gjekk gale.

– Eg hadde eit større fall, og tapte mykje, samt at eg vart litt stiv. Eit stykke etter kom eg i ubalanse, og fekk endå eit fall. Då var løpet køyrt, seier Tefre.

Ekstra ergerleg var det at han mest truleg hadde gått vidare, hadde han ikkje fått nærkontakt med snøen på Gjøvik.

Det er tydeleg at det skal vere nokon prøvelsar på vegen, men ein må bruke det til noko positivt.

– Viss eg hadde trekt frå det eg tapte, hadde eg vore blant dei ti beste i prologen, seier Tefre.

Men ungguten vel å sjå positivt på det heile.

– Sjølv om eg ikkje fekk vist det eg ville, så syner det uansett at eg er på veg tilbake. Kroppen fungerer, og det er det viktig å ta med seg, seier førdianaren.

Trudde det var berre ei lita forkjøling...

Han står over rennet laurdag, men stiller til start på 20 kilometer søndag.

– Eg er litt betre i skøyting enn i klassisk, og eg likar betre å gå langt enn kort. Så 20 kilometeren passar meg betre, seier Tefre.

Han håpar på at han no kan berge det som er att av sesongen, med eit godt løp i helga, samt full klaff på dei to NM-helgene.

For det har vore tunge tak. I tre månadar har han slite med eit seigt forkjølingsvirus som ikkje har sleppt taket.

– Det er fleire som har slite med det, mellom anna Petter Northug jr. Det starta med ei forkjøling i byrjinga av november, og den gav seg aldri, seier Tefre.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjøran Tefre

FUNGERER: Gjøran Tefre meiner signala frå kroppen er gode, og ser fram til søndagens 20 kilometer.

Foto: Rune Fossum / NRK

Trente for mykje då sykja kom

Men han trudde ikkje det var så gale som det var, og heldt fram treninga. Det skulle han ikkje ha gjort.

– Eg trente nok litt for mykje den første perioden eg var sjuk. Eg tok det ikkje alvorleg nok. Men frå midten av november til midten av januar trente eg ingenting, seier Tefre.

Sidan har han brukt tid og trent seg sakte, men sikkert opp att. Det håpar han vil gi resultat.

Det starta med ei forkjøling i byrjinga av november, og den gav seg aldri.

– Det er tydeleg at det skal vere nokon prøvelsar på vegen, men ein må bruke det til noko positivt, seier Tefre.

For han har meir bagasje med seg i ryggsekken, som han godt kunne vore forutan.

Premiehylla er velfylt frå juniorkarrieren, og for to år sidan avslutta han langrennssesongen med bravour under NM, der han tok bronse i klassisk sprint, før han gjekk til topps i noregscupfinalen i duatlon.

Berre få poeng skilte han frå å ta noregscupen samanlagt. Men neste sesong skulle ikkje gå så glatt.

Vert betre rusta av motgang

På vårparten i 2012 fekk han kyssesjuka, og ein månad forsvann.

– Så fekk eg eit tilbakefall som eg sleit med heile sommaren, og det prega også vinteren. Eg har hatt to litt trøblete år, seier Tefre, som no håpar han har teke unna elende for lang tid framover.

– Ein tek jo lærdom av alt ein er gjennom, og ein blir betre rusta, seier Tefre.

For midt oppe i ein travel treningskvardag er det lett å gløyme kvifor ein eigentleg slit seg gjennom elghufs og intervalltrening i all slags vêr.

– Men når ein opplever slikt, vert ein minna på kor kjekt det er å gå på ski. Eg blir veldig motivert, og berre endå sikker på at det er dette eg vil, seier Tefre.

Han bur for tida på Lillehammer, og satsar alt på skigåinga, sjølv om han også studerer ved sidan av.

– Men eg er ein person som satsar ekstremt heilhjarta. Så om det ryk nokre studiepoeng, så tek eg ikkje det så tungt, viss det går bra i sporet, seier Tefre.