Hopp til innhold

Slik gir du du din politiske favoritt ei ekstra røyst

– Det skal ikkje mykje til for å vippe ut listetoppane til partiet ditt, seier Einar Solheim (Ap) om viktigskapen av å kumulere toppane på lista di. Han snakkar av erfaring.

Vigdis Tonning (V) og Einar Solheim (Ap)

RØYST: Vigdis Tonning (V) og Einar Solheim (Ap) oppmodar folk om å nytte røysteretten. – Det er einaste måten vi har til å påverke korleis bygd og by skal styrast, seier Solheim.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Vallogo

For skrur ein tida fire år tilbake var det nettopp det som skjedde med overlegen i Førde.

Mange personlege røyster ved fylkes- og kommunevalet i 2011 gjorde Einar Solheim til bystyremedlem, trass ein beskjeden plass på Arbeidarpartilista.

– Tykkjer du lista er grei som den er, så kan du levere inn. Men då skal du vere klar over at du legg vegen open for andre, som har lyst til å få inn kandidatar under. Det svekkjer di eiga liste, seier Solheim.

Starta valskule

Sjølv om overlegen er glad for at han kom inn i bystyret for fire år sidan, såg han eit behov for å lære både veljarar og politikarar litt meir om kva moglegheiter som ligg i vallistene. Det same tenkjer Vigdis Tonning i Jølster Venstre.

Veljarane har fleire måtar dei kan påverke kven som skal styre i bygd og by dei neste fire åra. Vigdis Tonning (V) og Einar Solheim (Ap) har gode råd...

SJÅ VIDEO: Det er strengare reglar for kumulering til fylkestingsvalet, enn til kommunevalet. – Men det er fullt mogleg å gjere endringar. Ved sist fylkestingsval var det parti som fekk inn andre enn dei som stod på toppen, fortel Vigdis Tonning. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

Ho har sin eigen valskule på Facebook, med det fengande namnet «Vigdis' valskule».

– Eg fekk mange spørsmål frå folk som var usikre på kva som er lov å gjere, og folk som var redde for at å gjere feil slik at røysta vart forkasta. Men du har faktisk lov til å gjere ganske mange endringar, seier Tonning.

Lovleg å gjere feil

Medan ein ikkje lenger kan stryke namn, kan ein gi ekstrarøyster både til politikarar på di partiliste, samt politikarar på andre parti sine lister. Og gjer ein endringar som ikkje er lov, så blir lista sett på som ei det ikkje er gjort endringar på.

Både Tonning og Solheim oppmodar folk på det sterkaste om å både bruke «slengarar» og kummuleringar – også tilførehandskumulerte politikarar.

– I gamledagar telte ei førehandskumulering to gonger. Det gjer den ikkje lenger. No tel den 1,25 gong. Det vil seie at eit kryss til ein politikar lenger nede på lista, faktisk vil telje to gonger og då gå forbi om ein ikkje kumulerer ein kumulert på førehand, seier Tonning.

Det kan vere lurt å ta valkortet med på på valdagen.

SJÅ VIDEO: Ein må ikkje ha valkortet med til røystelokalet, men det kan vere lurt. (FOTO/REDIGERING: ODDLEIF LØSET/NRK)

– Utbreidd mistyding

– Det er ei utbreidd mistyding blant folk og politikarar at ein må krysse på folk nede på lista fordi dei på toppen er sikra uansett, legg Solheim til og held fram:

– Dersom du er nøgd med lista til partiet, kvifor ikkje forsterke røysta di ved å krysse dei øvste på lista i staden for å la andre som kryssar lenger nede på lista køyre over di røyst og gjere den mindre verdt. Du byggjer du oppunder lista som partiet ditt har nominert, og du sikrar at folk som kan setje av tid til å drive politikk, kjem inn.

«Slengarar»

Vigdis Tonning og Einar Solheim.

RETT: Vigdis Tonning og Einar Solheim oppmodar alle til å nytte moglegheitene som ligg i valet.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Ein annan ting mange vegrar seg for å gjere, er å føre opp namn frå andre parti på lista ein røystar på – såkalla «slengarar».

– Du svekkjer di eiga partiliste noko, men det kan ha veldig stor betydning for kven på det andre partiet som kjem inn i kommunestyret, seier Tonning.

Solheim forklarar det enkelt:

– La oss seie at nokon røyster på parti A, og fører over ein person frå parti B til den lista. Då får ikkje parti B røysta, men den personen som blir overført rykkjer opp innan sitt parti og aukar sjansen for å komme inn i kommune- eller bystyre.