Hopp til innhold

Difor vart Malakoff heilt spesiell for Morten og Sofie

Årets Malakoff Rockfestival vart ei stor oppleving for mange. For Morten Flydahl og Sofie Gyldenås Olsen frå Isfjorden i Romsdal, vart det heilt spesielt.

For mot slutten av CC Cowboys-konserten laurdag gjennomførde Flydahl planen han har klekt ut siste vekene.

Til låta «Kanskje du behøver noen» henta han fram forlovingsringen og gjekk ned på kne.

– Ho heldt på å dåne og vart veldig glad. Ho har masa litt, men eg har hevda at slikt må planleggast og at det må vere noko spesielt. Det vart det no, gliser han.

– Ikkje tilfeldig låt

Morten Flydahl frir til Sofie Gyldenås Olsen under Malakoff

FRIR: Morten Flydahl og Sofie Gyldenås Olsen fekk gratulasjonar frå CC Cowboys etter frieriet.

Foto: Skjermdump frå Youtube

Stuntet vart filma, og ligg no på Youtube. Den viser Flydahl som presenterer ringen til vill jubel frå omkrinsande publikummarar. Og Gyldenås Olsen som tek til gledestårene. Frå scena sender også Magnus Grønneberg og CC Cowboys sine gratulasjonar.

Flydahl fortel det ikkje var utan grunn han valde CC Cowboys og den aktuelle låta. Paret såg dei spele under festivalen på Rauma for nokre år sidan.

– Vi elskar begge den låta, og har sagt at det er songen vår, fortel han. Stuntet har han planlagd dei siste to tre vekene. Valet av ring fall på ein av kvitt gull, med tre diamantar.

Var litt nervøs

– Ein for meg, ein for ho Sofie og ein for dotter vår, Agnes, fortel han.

– Har det ikkje vore vanskeleg å halde hemmeleg?

– Det gjekk greitt. Eg har hatt ringen liggande i ein Clas Ohlsson-pose saman med reservehjulet, så eg gjekk berre å venta på at ho skulle punktere. Det gjorde ho heldigvis ikkje, gliser han.

Topp kveld

Flydahl fortel han gjennom Frode Nakken, tidlegare festivalsjef for Rauma, fekk kontakt med CC Cowboys. Dei ville svært gjerne vere med på stuntet. Malakoff stilte velvillig opp slik at han fekk «smugla» med seg plakatane og ringen inn på festivalområdet.

– Du var ikkje nervøs for ikkje å få ja?

– Nei, då hadde eg ikkje turt å gjere eit slikt stunt.

Når bryllaupet står er førebels uvisst, men det blir truleg til neste år. I alle høve fekk paret ei svært god oppleving i Eid denne helga.

– Resten av kvelden var heilt topp. Glimrande musikk og korsing rett og slett, gliser han.

Morten Flydahl og Sofie Gyldenås Olsen med det synlege beviset

NØGD: Sofie Gyldenås Olsen var tydeleg nøgd med den splitter nye ringen.

Foto: Skjermdump frå Youtube