Hopp til innhold

Slik førebur du deg til trygge påsketurar i fjellet

Med gode vêrutsikter fleire dagar i påska vil mange la seg freiste til å leggje ut på ein skitur i fjellet. Då gjeld det å tenkje tryggleik.

Skitur i påskefjellet

GODE MOGLEGHEITER: Med fine meldingar nokre av påskedagane, vil det opne seg moglegheiter for fine toppturar fleire stader.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

– Noko av det viktigaste ein kan gjere er å berre kome seg ut på tur i all slags ver. Då kan du lære meir om kva du skal sjå etter for kjenne att eit skred, og du kan få oppleve den gode kjensla det er å gå ein trygg topptur.

Det seier leiar i Sogn og Fjordane Turlag Marino Ask. I tillegg tykkjer han det er lurt å gå på kurs for å lære meir om skredfare, og så gjeld det å vere riktig utstyrt.

Marino Ask

FOKUS PÅ TRYGGLEIK: Marino Ask tykkjer det er viktig å tenkje over tryggleiken på tur, sjølv om det i påska berre er meldt moderat snøskredfare.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Det er viktig at ein har det tekniske utstyret på plass, i tilfelle ein er så uheldig at ein kjem ut for eit snøskred.

Og i tillegg til å vere godt kledd og utstyrt for ein tur i vinterfjellet, tilrår turlagsleiaren å med seg dette i tursekken:

  • Ein god spade
  • Søkestong
  • Vindsekk
  • Ein sender og mottakar
skredutstyr

RIKTIG UTSTYR: Dette utstyret tykkjer turlagsleiar Marino Ask bør vere på plass når ein skal gå topptur i påska

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Tenk over kor du går

I tillegg til å pakke sekken riktig, seier Ask at ein må tenkje gjennom dei vala ein tek når ein går topptur.

– Noko av det viktigaste er å vere førebudd på den måten at ein har tenkt gjennom kor turen skal gå, og om alle i gruppa evner å gå den turen. Også må ein tenkje over korleis snøforholda er, seier Ask.

Marino Ask grev i snøen

EIN GOD SPADE: Turlagsleiaren meiner ein bør ha med ein god spade når ein er på skitur

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Moderat skredfare dei fleste plassar

Når det gjeld snøforhold og skredfare nett no, er det skredfare på nivå 2 nesten over heile landet. Det vil seie at det er moderat snøskredfare, som stort sett vil seie at ein trygg om ein ikkje går altfor bratt.

Det har nemleg vore mildt mange stader, og nysnøen som kom i går har fått stabilisere seg. Ask meiner likevel ein bør vere litt på vakt.

– Mange er kanskje på tur i nye turområde no i påska. Då er det lurt å sjå etter skred som kan ha gått nyleg. Om du ser mykje vindtransportert snø eller høyrer drønn i snøen må du passe særleg på.