Hopp til innhold

Slik førebur dei seg på å støtte Fannemel

For tre år sidan fekk «ukjende» Anders Fannemel det store gjennombrotet med verdas nest lengste hopp. No har heile Norge - og sambygdingane - håp om verdsrekord.

Ein busslast med sambygdingar frå Hornindal er på veg til Vikersund for å heia fram bygdas store son i skiflyging.

ER KLARE: Gamletrenaren Stig Seljeset er blant dei mange som tek turen frå Hornindal for å sjå Anders Fannemel prøve seg på verdsrekord i helga. Privat video

– Det funkar bra. Når folk forventar mykje, betyr jo det at eg har hoppa bra. Det gir meg meir sjølvtillit. Så eg føler ikkje noko særleg press, seier Anders Fannemel.

Det har gått tre år sidan honndølen dundra inn i verdseliten med det spektakulære hoppet på 244,5 meter i Vikersund. Den gongen var Fannemel ung og ukjent.

No må han leve med nasjonens forventningar og håp om ny verdsrekord.

– Eg fekk ein ganske brutal start med mykje merksemd den gongen. Og det er sikkert endå meir no - men det høyrer med, smiler 23-åringen.

Sambygdingane håpar på verdsrekord

Fredag føremiddag var ein busslast med omlag 20 honndøler på veg til Vikersund for å få med seg renna i verdscupen denne helga. I tillegg er det venta at det kjem fleire utflytta honndøler frå Austlandet på renna. Og dei skal gi lyd frå seg.

– Etter vår meining har vi akkurat no verdas beste skihoppar. Vi har litt forventningar til kva han kan få til, seier reiseleiar Idar Nygård.

– De torer å drøyme litt stort?

– Ja. Vi ser det er små marginar i skihopping, men Anders er no i så god form at han kan setje verdsrekord. Det hadde vore kjekt om han klarte det med sambygdingane til stades, seier Nygård.

Alexander Stöckl

SATSAR: Landslagstrenar Alexander Stöckl og Anders Fannemel får ei travel helga. Kanskje kan 23-åringen frå Hornindal setje ny verdsrekord.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

For Fannemel betyr støtten frå hans eigne mykje. På renna i Vikersund får han heiarop frå foreldre, søsken og venner frå Hornindal.

– Det er kjempekjekt. Det er mange som har følgt meg heile vegen Med halve bygda som heiagjeng, er det sjølvsagt ekstra spesielt å hoppe i helga, seier han.

Skal berre kose seg i monsterbakken

Blant dei som meiner Fannemel kan setje ny verdsrekord denne helga, er verdsrekordhaldar og hoppekspert Johan Remen Evensen. Han har tidlegare sagt at Fannemel kan komme til å strekkje seg til heile 251,5 meter.

Sjølv tenkjer ikkje Fannemel så mykje på det.

Håpar å få til god skihopping og kose meg i bakken. Så sjå korleis det har gått når søndagen er håpar. Men skal gjer mitt beste for å få til ei kjekk helg.