Dette er noko av innhaldet i den hemmelegstempla aksjonæravtalen mellom partane.
NRK har frå uavhengige kjelder fått stadfesta delar av innhaldet i aksjonæravtalen mellom fylkeskommunen og transportselskapet Torghatten.
Der blir maktforholda mellom dei to selskapa klart definert, og der går det fram til kva tider dei to selskapa skal ha styreleiaren. Etter at fylkestinget vedtok å selje til Torghatten, vil Torghatten og fylkeskommunen i lag eige 59 prosent av aksjane i Fjord1.
Kan blokkere kvarandre
Den felles eigarskapen vil bli forvalta gjennom selskapet F1 Holding, der det vil vere fire styremedlemmer, to frå fylkeskommunen og to frå Torghatten. Styreleiaren vil ikkje få dobbeltstemme, noko som betyr at verken fylkeskommunen eller Torghatten kan trumfe igjennom vedtak utan at den andre parten er samd.
Dette reduserer fylkeskommunen sin risiko ved salet vesentleg, og det styrkar også punktet om hovudkontor i Florø dei nærmaste åra. Vidare skal fylkeskommunen og Torghatten byte på å ha styreleiaren i selskapet. Torghatten dei to første åra, så fylkeskommunen dei to neste.
- Les også:
Papirselskap
F1 Holding vil på mange måtar bli eit papirselskap utan tilsette, eit selskap som berre skal forvalte eigarskapen i Fjord1 og utnemne styre i Fjord1. Havila og Per Sævik som eig 41 prosent av aksjane i Fjord1 vil vere representert i Fjord1-styret, ikkje i holdingselskapet.
Fylkesordførar Jenny Følling viser til at aksjonæravtalen er hemmeleg og at ho difor ikkje kan kommentere saka. Administrerande direktør i Torghatten, Brynjar Forbergskog, seier at han ikkje ynskjer å kommentere avtalar som er meinte å vere konfidensielle.
- Les også: