NRK Meny
Normal

Slik finn du det biologiske opphavet ditt

Alle adopterte over 18 år har rett til å vite om opphavet sitt, men ikkje alle veit korleis dei går fram for å finne informasjonen.

Tore Strømøy

– MANGLAR BITAR: Mange leitar etter noko som manglar i livet, seier Tore Strømøy.

Foto: Kjartan Ovesen / NRK

– Dei fleste seier at dei leitar fordi dei føler at det «manglar bitar i eit puslespel», seier Tore Strømøy frå programmet Tore på sporet.

Han har jobba med å føre familiemedlemar saman sidan 1996, og han har sett både lukkelege og ulukkelege utfall.

– Ein gong hadde vi funne ungane til ei mor, men ho ringde oss og sa ho hadde ombestemt seg. Ei venninne hadde sagt til henne at det ville bli så stor skam når alle fekk vite at ho hadde adoptert vekk ungane sine.

Strømøy seier at denne skamma ikkje er bra for dei som leitar, og at han i programmet sitt har prøvd å vise at det ikkje er skamfullt å ha adoptert vekk eit barn.

– Nokon adopterer vekk fordi dei ikkje kan ta vare på ungen sjølv, og det skal dei ha ros for, ikkje skam, seier han.

Øystein Djupvik og søskena

FANN HALVSYSKEN: Øystein Djupvik (t.h.) frå Naustdal vart 43 år før han tok steget og kontakta den biologiske familien sin.

Foto: Øystein Djupvik

Slik finn du informasjonen

Tidlegare denne veka fortalde NRK om Øystein Djupvik, som fekk møte den biologiske farssida av familien sin etter 43 år utan å vite at dei eksisterte.

– Inne på Fylkesmannen sine internettsider kan du velje «barn og foreldre», og så velje «biologiske foreldre til adoptivbarn». Her kan ein lese informasjon om korleis ein går fram, seier Hanne Sæbø.

Under overskrifta «skjema» kan ein logge seg inn via id-porten, og sende ein førespurnad til Fylkesmannen om å få hjelp.

Hanne Sæbø ved Fylkesmannen

– HAR RETT PÅ NAMNET: Hanne Sæbø hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

– Når vi mottar førespurnaden, begynner vi å leite. Vi har ikkje eit eige arkiv for slike saker, så vi må ta den informasjonen vi får frå den som sender inn, og starte der, seier Sæbø.

Ikkje alle vil ha kontakt

– Når vi finn den eine eller begge dei biologiske foreldra, seier vi at nokon vil ha kontakt fordi dei er dei biologiske foreldra. Det er ikkje alle som vil ha kontakt med dei, men personen som er adoptert har likevel rett til å få namnet og adressa deira, seier Sæbø.

Det er ulike grunnar til at folk ikkje vil ha kontakt.

– Vi ser at nokre mødrer ikkje vil, og det er nok fordi vi var mykje meir konservative før i tida. Det vart sett på som ei skam å sette seg i ein slik situasjon at du måtte adoptere vekk eit barn.

Nokre har også halde fortida skjult.

– Andre har ikkje fortalt partnaren og familien at dei har adoptert vekk barn, og derfor blir det eit problem å opprette kontakt, seier Sæbø.

Detaljane skal finpussast
Huset til filosofen Wittgenstein flyttar.
Vestlandsbønder må hente enorme mengder naudfôr frå Austlandet og Sverige. Dette fordi begge grasavlingane på Vestlandet var langt under normalen i sommar.