Hopp til innhold

Slik finansierer «Heimebane»-Josefine draumen om Hollywood

STRYN (NRK): I «Heimebane» gjer Josefine Agathe alt ho kan for å forføre den største stjerna på laget, spelt av John Carew. I verkelegheita er ho frisøren med ein intens draum om å bli skodespelar.

Josefine Agathe Hove

PLAN B: Utdanninga som frisør tok Josefine Agathe Hove for å ha ein plan b. Draumen har alltid vore å bli skodespelar og rolla i «Heimebane» hjelper ho vidare for å oppnå målet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Den er høg, trillande og hyppig. Latteren til Josefine Agathe Hove breier seg over frisørsalongen. Når skodespelaren møter NRK er det med frisørsaksa mellom hendene.

– Eg visste eg ville drive med underhaldning, kanskje stand up-komikar. Eg tenkte eg ikkje var seriøs nok til å bli skodespelar, for eg ler så mykje, forklarar Hove.

Men det er ikkje mykje komisk over 25-åringen sin innsats i dramaserien «Heimebane». I rolla som Sissel Renate brukar ho kvinnelist for å sjarmere Michael Ellingsen, spelt av John Carew. Serien er blitt hylla av kritikarane, mellom anna som eit hat-trick av eit drama.

Josefine Agathe Hove og John Carew i Heimebane

SUKSESS: Josefine Agathe Hove skal snart til å pugge nytt manus. Innspelinga av sesong to av «Heimebane» begynner i mai, og ho skal vere med vidare. Her saman med John Carew i «Heimebane».

Foto: Heimebane / NRK

Den beste dagen i livet

Bijobben som frisør bidreg til å finansiere skodespelarutdanninga Hove tek i England. Men rolla som den forførariske fotballsupporteren fekk ho før ho begynte på utdanninga.

– Det var heilt vilt, heilt sprøtt, total gledesrus, eg har aldri vore så glad før, seier Hove om følelsen av å kapre rolla.

Etter tre tøffe audition fekk jenta frå Jutedalen i Hornindal ein telefon av dei sjeldne, heime på garden til foreldra.

– Eg begynte å grine då eg la på, sprang rundt i heile huset. Eg sprang ned i fjøsen, i berre truse og t-skjorte. I fjøsen sat søstera mi og mjølka ei kyr og eg kasta meg rundt halsen på ho og grein, fortel Hove, og ler.

Ane Dahl Torp og John Carew på settet

KOLLEGAER: John Carew og Ane Dahl Torp har hovudrollene i dramaserien som dreg mange hundre tusen til skjermen kvar veke.

Foto: Matias Myklebust / NRK

I «Heimebane» møter vi fotballaget Varg som blir leia av den første kvinnelege fotballtrenaren for eit herrelag på toppnivå.

Måtte ut av salongen

Medan hendene klipper ferdig kunden sitt hår, fortel Hove om eit intens draum om å bli skodespelar, at å vere frisør eigentleg var plan b.

– Eg vil vere på scena. Det er det eg vil. Folk sa til meg, skodespelar, er du heilt tullete? Men det er det eg skal bli, seier Hove bestemt.

I fjor spelte ho rolla som prins Johan i Stryn ungdomslag si oppsetting av musikalen Robin Hood. I år er ho på skjermen i lag med eliten av etablerte skodespelarar i Norge.

– Det betyr så mykje. Det er eit ufatteleg stort springbrett.

Hove brukte tida under innspeling godt, for mellom opptaka, i lunsjen, ved frukostbordet spurte Hove om råd og tips frå sine meir erfarne kollegaer.

– Eg tek med meg alt. Du lærer så mykje av å jobbe med så fantastiske regissørar. Beste rådet er å ikkje gje opp, og å vere svolten på suksess, seier Hove.

Josefine Agathe Hove

DRØYMER OM HOLLYWOOD: – Det gjer meg berre glede. Det berre fyller deg opp av godheit, det er som ein rus, seier Josefine Agathe Hove om følelsen av å stå på scena.

Foto: Silje Guddal / NRK

Påskeferien skal 25-åringen bruke på å lese manus.

– Det blir sesong to, og eg har fått lov til å vere med. Det er heilt supert.

– Kva er draumen vidare?

– Planen er å fullføre skulen, deretter London, trur eg. Og så har eg på følelsen at eg kjem til å ende opp i Hollywood til slutt. Eg berre føler det, håpar det.